Det nye Skulelovforslaget.

 

I.

 

No er det Tidi til, at Folk segjer si Meining um den nye Loven, som Skulekomisjonen hev arbeidt Forslag til, og som kann ventast lagd fram for fyrste Stortinget. Fyrr me segjer vaar Meining um sjølve Lovforslaget, vil me døma lite Grand um Grunnlaget for Skuleskipnaden.

 

Me har alt fyrr slegjet litt innpaa, at me ikkje trur Skuleskipnaden vaar er den bedste Skipnad av Upplysningsverket.

 

I Fedraheimens  Program stend det m. a. ”mindre Stats og Autoritetsvelde, meir Sjølvstyring”. Me hevder dette ogso i Skulevegen. Me vilde, at Staten skulde hava so lite som mogelegt aa gjera med Skulanne, Upplysningsverket skulde vera ei privat Sak.

 

Me hevdar, at Upplysningsverket vilde fremjast like so godt, um det ikkje fanst Skulelovar, ja at Statens Innblanding berre er til Skade for Skulen.

 

Er det noko, som Ungdomen traar etter, so er det væl Upplysning; det er medgjevet kvart Menneskje, at han vil læra so mykje han kan yverkoma, med han er ung. Det trengst ikkje nokor Driving fraa Statsautoritetar til aa faa ein til læra noko anten med Aand elder Haand.

 

Og likeeins med Foreldri. Er det noko, dei er hugad paa, so er det aa sikra Framtidi aat Bonni sine, gjera dei dugelege til aa greida seg i Livet. Og Vilkaaret for aa greida seg er aa kunnanoko, aa ha lært noko.

 

Hjaa Bonni er det ei Naturdrift og hjaa Foreldri baade Naturdrift og Utrekning, som er Drivkrefter for Upplysningsverket.

 

Me negtar ikkje, at Staten ogso er Medinteressent i Upplysningsverket. Upplyste Borgarar er Grunnlaget, som Samfundet byggjer paa; det vilde rjuka sundt, dersom Upplysningi glapp.

 

Men Staten hev berre Interesse av, at Borgaranne hev  Upplysning, Maaten  og Midlarne til aa faa  denne Upplysning bryr den seg ikkje um.

 

Helder ikkje bryr Staten seg noko serlegt um, kva  det er Folk lærer utum eit aalment Kjennskap til Naturlære og Historie.

 

Men baade i Spursmaalet um Maaten og Midlarne og um, kvasom skal lærast, er det dei andre, som nettupp hev serleg Interese, nemlig dei, som me hev nemnt, Bonni og Foreldri og so Læraranne.

 

Den rettaste Utbyting av Skuleverket millom alle Medinteressentar maa væl alle vera einige i, er den, at kvar fær verka so fullt og heilt som mogelegt nettupp der, han hev si serskilde Interesse, Stat, Fylkje og Herad hjelper til med Pengehjelp aat alle, som vil gaa i Skule, og som ikkje hev Raa til aa kosta seg sjølv. Foreldre, Lærar og Ungdom greider seg imillom, korleis Skularne skal skipast, og kva som skal lærast.

 

Sjølv um Staten ikkje kjem med Tvangsbod  um, at alle skallæra visse Ting, som han byd; sjølv um han berre byd det fram som ein Rettfor alle aa gaa paa Statsskulen, so vil likevæl ein slik Ordning ogso vera langt ifraa det fullkomne.

 

For det fyrste. Naar Staten held Skular sjølv, vil dei kosta so mykje, at han ikkje fær Raa til aa hjelpa dei, som ikkje gjeng paa Statsskulen, og det kunne vera mange, som ikkje likad seg elder likad aa ha Bonni sine der.

 

For det andre. Statsskulen, som skal vera likeeins yver heile Landet, vert eit keidsamt Eksishus, Undervisningi vert bori av eit stramt og stivt Reglement, og ikkje av nokor sterk personleg Paaverkning, ikkje av noko Slag Avsyn paa, kva kvar iser treng og kann næma.

 

For det tridje. Statsskulanne vert ein Heimstad for Bakstræv og Atterhald. Naar det same Reglement skal gjelda for heile Landet, naar Lærarar skal skapast etter same Former, so maa det ein Fleirtalsvilje til aa brigda paa desse Former og faa nye i Staden. Og Tidi skrid so fort, at det nye alt vert gamalt, fyrr Fleirtalet sannkjenner det. I Statsskularne vert soleis berre lært gamle mosegrodde Tankar, slikt noko, som Forfedranne vaare var einige um.

 

Men større Synd kan ein ikkje gjera imot Bonni enn aa halda dei burte fraa den Tid, dei liver i. Fyrst læra Samtidi aa kjenna, so dei eldre Tider; byrja med det kjende og derifraa naa det ukjende; byrja med Naturlære og fyrst sidan naa Historien, det er den naturlege Gongen for all Upplæring.

 

Ikkje so aa forstaa, at Smaabonn skal lærast upp i alle nye Meiningar og Teoriar, som Dagen føder, og kastast ut i Stridsspursmaali. Slikt skal sparast til Ungdomsskulanne. Men soleis aa forstaa, at dei skal førast inn i eit Livssyn. Ætti sitt Livssyn, ikkje den gamle, men i eit Livssyn, som i det mindste er like so moderne, som det Foreldri hev sjølve, elder som dei bedste Lærarar hev eignat til seg. Det er dette, Statsskularne ikkje kann bjoda.

 

Foreldri gjer Synd paa Bonni, naar dei let dei alast upp i for gamle Livssyn, Foreldre med Andsvarskjensle sender ikkje Bonni i slike Skular; dei tenkjer yver, kor stor Strid og Arbeid det sidan vil kosta dei, naar dei som vaksne maa riva seg laus fraa dette gamle, noko som alle maa, som skal kunna magta si Samtid. Og for ei Seinking av Utviklingi!

 

Statsskular meiner me difor berre vert tenlege for den likesæle Hopen, men til liten elder ingen Nytte for dei beste, for det upplyste Mindretal, som vil at Bonni skal lærast upp til aa bera Framtidi.

 

 

Me vil, at alle Skular skal vera Privatskular, som daa av seg sjølv vil lagast etter som det trengst paa dei ymse Stelle.

 

Men kvart Baan, som treng det, skal faa Stipendium  av Bygd- Fylkjes- elder Statskassa til aa læra det, som er Laagmaal for kva ein Herads- og Statsborgar maa vita. Det vert daa Foreldri si Sak aa velja, kva Skule dei vil ha Bonni i, anten dei vil vera Lærarar sjølve elder dei vil leiga andre. Stats-elder Heradskassa hev berre aa krevja Trygd for, at Læraren er høveleg til sitt Vyrkje.

 

Skulen bør vera tribytt: Skule for Bonn, for Ungdomar og Skule for Vaksne.

 

Til Elevar paa Baaneskulen vert det gjevet Stipendiar aat alle trengjande, og paa dei høgre Skularne vert det ogso set etter Evne jamsides Trongen.

 

Aa finna Trygd for seg, føra Kontrol med, at ikkje Uverdige fekk Vinding av klene Skular – det var ikkje vandt.

 

For Baaneskulen sin Del var det mest nok Trygd i, at Foreldri godkjende ein som Lærar, og for dei høgre Skulanne fann ein den meste Trygd i, at Ungdomen likad seg der. Umfram dette trengde Læraren berre vera agtad som eit skikkelegt Menneskje, til at han kunne faa Stipendieelevar. Um Folk ikkje var nøgde med dette, var det alltid Raa til aa semjast um ein rimeleg Kontrol.

 

Staten skulde elles ikkje ha noko meir med Skulestellet aa gjera, anna enn at han kravde eit visst Laagmaal Kunnskap av dei, som han godkjende som Borgarar. Den som ingen Ting viste, fekk ingen Røysterett.

 

  

Denne Skuleskipnaden, som me her hev ritat upp Grunndragi til, vilde alle vituge Folk kunna verta nøgde med, for alle kunne daa faa seg nett ein slik Skule, som dei sjølv vilde. Og dei offentlege Midlar kom til dei, som trengde dei; me slapp den urettferdige Ordning, som no er, at Arbeidaren kostar Latinskule og Universitet paa Rikmans Son, medan han sjølv fær mest ingen Ting.

 

Denne Skuleordningi vaar vilde verta mykje billegare enn baade det gamle Stellet og det nye Forslaget um Folkeskulen for Bonn.

 

Vaar Tanke umfatar heile Skulestellet fraa øvst til nedst og ordnar alt med nokre lette Grip.

 

Berre løys Skulen fraa Staten, og lat det i Kyrkjedepartementets Skulekantor berre verta attsitjande eit Par Mann, som hev aa byta ut Stipendiarne, alt det andre Departementsslenget vert me kvitt, og sparar Embætsløner for mange Hundra Tusen um Aaret.

 

Me trur ikkje, at denne Regjeringi elder dette Stortinget kan magta ein slik Stortanke, endaa han er so greid, at det er berre til aa undrast paa, at han ikkje for lenge sidan er gjenemførd – men det er sterke Magter, som ikkje likar han.

 

I ei Skulegrein hev me likevæl Von, og der manar me Storting og Fylkjesting til ikkje aa drygja for lenge. Me meiner Amts- og Folkehøgskular. Der kann De godt byrja. Chr. Bruun hev der komet med Kravet for lenge sidan.

 

Tak burt alle faste Tilskot til desse Skularne og gjev Pengar til frie Stipendiar i Staden, soleis at den, som hev Evne og Trong, kann faa Pengehjelp til aa reisa paa den Skulen han sjølv vil, anten i elder utanfor Fylkjet (Amtet). Amtsskulestyret kunne i so Tilfelle best føra Kontrol og dela ut Stipendiar. Amtskassa let til ein viss Sum og Staten skyt til etter same Forhold som no.

 

 


Frå Fedraheimen 06.01.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum