Litle Eirik og Grisen.

 

 

Hausten var komen. Veret var fagert, og kringom paa dei gule Aakrarne stod Skurkjeringarne som Flokkar av svarte Kraakur, medan Mannfolki sette Kornet paa Staur. Framum alle andre Stader var der onnugt uppe paa Sletta, den største Garden heime i Bygdi. Der var Aakrarne størst og gulnad allesaman paa ein Gong. Det var just Laurdag, og ikkje eit Liv var heime. Alle var ute paa ein Aaker langt ute paa Bøarne utafor Haugarne. Sjølv litle Eirik, den mindste af Gutarne, var der. Han var for liten til aa bruka Sigden; men han kunne henta upp Aks, og paa same Tid prøvde han seg i Karstykkje, hoppad yver dei lange Rekkjur av Kornband, som Kjeringarne sette upp. Daa ropte Far hans med eit burte paa Aakeren: ”Eirik!”

 

Hei!” ropte Eirik og stakk fram bak ein Staur.

 

Spring heim etter Tobakrullen min i Hylla – lat meg sjaa, kor snar du kann vera!”

 

Ja ja!” svarte Eirik, og daa alle dei vaksne Gutarne just stod og saag paa, so gjorde han nokre dugeleg karslege Hopp og sette avstad som ei Pil.

 

Det var likevæl ikkje lengje, fyrr han sakkad paa Farten. Eirik hadde aldri i sine Dagar voret heime millom Husi plettande aaleine fyrr. Han vart difor noko underleg tilsins, daa han var komen framum i Haugarne, so han ikkje lenger saag Folki der ute. Husi derheime stod so store og myrke og stille. Glasi og Gluggarne vart til store Augo, som glodde paa han, og Dørene vart til opne Kjeftar paa fæle Andlit. Han tok til aa trø varsamt, og var han ikkje komen til aa tenkja paa Skjennet fraa Faren og Laatten fraa Gutarne, um han kom ut att utan Tobak, so skulde han sikkert hava snutt um. Men no knytte han sistpaa Neven, og so sa han: ”Aa pytt, her er Gut, som ikkje er rædd her!”

 

Og so tok han Mot og Manndomshjarta til seg, trampad hardt og stemnde byrg inn millom Husi, framum Eldhuset, framun Vedskjolet, framum Grisehuset. Og skulde det nokon Stad trengjast aa vera motig, so maatte det vel vera der. Det var ikkje nok med den runde Glasruta, som glodde som eit stort blaatt Auge uppe paa Veggen: ut gjénom ei Rivne i Muren lyddest der Pusting og Snorking fraa Grisen sjølv. So motig Eirik enn var, so kunne han likevæl ikkje anna enn trø varsamt her att; men kanskje dette just gjorde Tingen verre. Han var komen mest ljodlaust framum, daa han trodde paa ein Kvist, so det knakk litt. – Grisen stokk upp med eit skræmelegt Gruff og tok til aa gryla etter Mat og klaa seg og riva paa Innsida av Døri, so det knakad og knass. Det var godt, at der var sterk Jarnkrok for Døri! Med nokre Sprang var Eirik burte i Kjøkkendøri, smatt inn og lukte att etter seg. Grisen – det var det fælaste, han viste. Stor og stygg var han og so vond, at han rende etter Folk med opet Gap, so snart han slapp ut. Eirik hadde voret ute for han eingong, so han ikkje so svindt gløymde det. Det var eingong i Sumar, daa Døri til Grisehuset ikkje var skikkeleg lukt, og fyrr han viste Ordet av, kom Styggen og rende honem ikoll like burt i Pytten der. Det laup kaldt igjenom han aa minnast det.

 

Daa han ei Stund etter kom ut att med Tobaksrullen, hadde han nok gløymt all Uro likevæl; for han trallad nokso lystugt, medan han tok dugelege Bitar av eit Kakestykkje, som han sikkerleg hadde funnet inne i Hytta. Daa fekk han med eit Auga paa den nye Trehesten sin burte paa Staburstroppi. Den maatte han ha med seg. Med eit Sprang var han burt etter den og hengde den etter eit Band paa Ryggen. Daa hørde han med eit ei sterk Ramling burte millom Husi. Var det nokon av Kararne, som alt var komen heim etter. Staurar? tenkte han og kikkad fram. – Han stokk, so han vart som svimeslegen. Grisen hadde lettat Døri av Jarni, so ho hong i halvskakke berre etter Kroken, og daa han skulde til aa sjaa, so var Beistet utkomet og reiv just ned ein heil Hurv med Staur burte ved Smalehuset.

 

Huff”, bles Grisen og hoppad beint upp.

Hu!” kvein Eirik og spratt endaa høgre.

Gruff, gruff!” sagde Grisen og gjorde eit Tverkast, og so kom han i tenjande Sprang.

 

Hu –æ-æ!” skreik Eirik med halvkjøvt Mæle, og so byrjad der ei vill Flugt og ei likeso vill Etterfylgjing. Eirik kunne sikkert hava bergat seg uppe paa Staburstroppi og kanskje burte i Kjøkkendøri og; men i denne Rædsla sasag han korkje Tropp elder Dør. Han foor framum i Staburnovi paa Livet laust, og det var ei Lukke, at han ikkje rende beint paa ein stor Stabbe, som stod der. Men um Guten kom lukkeleg framum i dette Skjeret, so var Grisen derimot mindre varsam. Han stakk nok Trynet framum Stabben, men rende paa med Bogen, so han sette ut eit Kvin. Eirik heldt paa aa siga ikne av Rædsla; men denne Seinkinngi for Grisen var likevæl hans gode Lukke. Han kom framum Novi i øvre Enden paa Løda, og daa Grisen kom der, var Guten komen framum den andre Novi. Grisen stansad og saag seg ikring med runde Augo. Guten paa den andre Sida av Novi saag seg ikring med skræmde Augo. Han høyrde Grisen pusta og blaasa. I næste Augeblik kunne han koma, og han kunne ikkje øygna nokor Berging. Jau der var ein Utveg! Burte mot Aakerreini litt innanfor Løda stod der ein stor Stein – kunne han berre naa den! Han drog Pusten langt, han beit Tennerne saman og saag korkje til høgre elder vinstre, og so vaagad han Spranget. Grisen maa hava snusat etter andre Ting elder ikkje voret gløgg nok; for han saag ingenting, fyrr Eirik var langt burte paa Marki. Daa sette han nok ut eit Gruff og pilad avstad; men Eirik hadde alt godt Fyresprang. Han sette ut eit Skrik, liksom Høna, naar ho skal fjuka, og han var lukkeleg uppe paa Toppen av Steinen, daa Grisen naadde burtaat den.

 

Han var bergad og frelst og kunne graata ut i Fred. Beistet kunne lengje nok ganga rundt Steinen og gruffa stygt – det naadde ikkje i han. Langt um lengje turkad han Taarerne av seg og saag seg ikring. Grisen gjekk endaa nedanunder og rotat med Trynet. No fyrst kunne Eirik rett gleda seg i den lukkelege Bergingi si. Steinen var vid og flat ovanpaa og dekt med Mose og Grastorv. Der voks Smaabjørker og Raunar, og framme paa den eine Sida grodde der ein heil liten Skog av Bringeberris, og daa han skulde til aa sjaa, so raudnad det af store, saftige Ber innunder Lauvet.

 

Midt paa Steinen laag der ein Hop av Smaastein, som han kunne byggje Hus av, um han vilde. Han hadde Kniv med seg i Trøyelumma. Der fann han ogso den nye, fagre Daasen sin og eit mjukna Eple. Etter alt dette hadde han ogso Trehesten sin, som hadde hanget fast etter Bandet rundt Halsen, so han ikkje hadde fenget Tid til aa kasta’n fraa seg. – Han kunne hava det heilt gildt og hyggjelegt paa Steinen med alle desse Ting. Han tok til aa plukka Ber av Hjartans Lyst, han bygde Hus for Hesten, og han vart snart so glad og motig, at han tok til aa tralla og syngja. Og so hadde han endaa ei gild Moro: han kunne sitja framme paa Kanten av Steinen og sputta og grina ned til Grisen. Han kunne tirra ’n med Smaastein og Mosedottar og hemna seg for, at Beistet hadde skræmt ’n. – Det var gildt dette aa sitja so trygg og hava so mange fagre Ting; men med alt dette so var han likevæl aldri kvitt  Grisen. Anten han moroad seg med det eine elder med det andre, so gjekk den der og plirde upp med dei runde, uhyggjelege Augo sine. Det tok til aa verta langsamt dette. No kom han ihug, at Kararne ikkje kom heim etter Staurar. Dei tok Staurarne i eit Hus ute paa Bøarne, og det kunne soleis lett henda, at her ikkje kom nokon heim til aa jaga Grisen vek, fyrr Mori kom heim og skulde koka Grauten til kvelds. Men det kunne verta lengje til det – mange lange Timar. Ho kom nok ikkje heim, fyrr etter Soli var gjengi ned, og ho stod endaa høgt.


Men naar han no ikkje kom att med Tobak, so maatte vel nokon koma og sjaa etter han. Aa – dei tenkte væl, at han hadde gløymt det, han skulde ganga etter, og at han var gjengen ned til Smaagutarne nede paa Grannegarden. Han mintest med Samvitsagg, at han hadde gjort slike Ting fyrr. Og Far hans fekk væl Tobak av Tenestekaren, tenkte han endeleg. Til lenger han tænkte, til meir stengde vart alle Utvegjer. Daa lagde han seg ned paa Mosen burte millom Bjørkerne, so Grisen ikkje saag han. Han laag so still, so still som ei Mus. Han kikkad berre med det eine Augat ut millom Lauvet, um Grisen ikkje skulde ganga vek fraa Steinen og burt millom Husi att. Nei, no hadde den og lagt seg so lang den var nedanunder Steinen, og der vart han liggjande. Daa vart Eirik sint. Han sprang upp og tok ein Stein og slengde like i Snuten paa Grisen; men han gruffad berre og rømde ikkje. Dette var ikkje til aa halda ut. Han sette aa ropa av alle Krefter etter Folk; men det svarad berre burte i Veggen paa Løda og uppe i Fjelli, og so vart det stilt att. Han ropte upp atter; men ingen gav Svar – ingen utan Grisen. Den tok til aa gryla og gjera seg gal. Det var helder ikkje saa venta, at dei kunne høyra, kva han ropte, elder vita, kven Ropet kom ifraa, der langt ute paa Bøarne utanfor Haugarne. Der var ingen, ingen Ting aa gjera utan aa slaa seg til Ro og venta.

 

 

(Meir).

 

 


Frå Fedraheimen 06.01.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum