Amtmann Rasch paa Fredrikshall,

Thingmann (Høgre) og Bankstyrar, hev drive slikt Fusk med Banken der nede (ikr. 50,000 kr. skal han ha laant der sjølv paa galne Namn), at han skal under Forhøyr.

Medstyraren hans, Schjøtt, var det, som kom etter dette; men Schjøtt var god av seg og totte det var leidt for Amtmannen, sa ikkje noko um det altso med det same. Men so skulde han til aa vitna i Saki mot den tridje Bankstyraren, Kjøpmann Fritzner, som og hev gjort Bankfusk, og so var der ikkje anna for Schjøtt aa gjera daa enn aa gjera Melding til Direksjonen.

Det er vondt, at Folk skal koma ut i slikt; kven det er.