Boknytt.

Smaastubbar, tridje Samling, Utgjevet av Mons Litleré.

Innhald: ”Paa fantestig” av Arne Garborg, ”Profet” af Lars Eskeland, ”Lange-Tønnes” av Espen Eiriksson; ”Naar dar ska skrivast te Storebror”, ”Han Far ska gaa paa Aksjon”, og ”Ein Dag paa Mattnan i Kivik”, etter Henrik Wranér ved Bolette C. Pavels Larsen; ”Ei Friing.”

Det er ljose, friske, kvike Bøker, Mons Litleré no gjev ut, ja Bøker, som fær deg til aa læ, og som du kann lesa deg i Godlag av. Det er reint rart aa faa slike Bøker i denne tunge aalvorlege Tid, daa alt, som blir skreve, plar vera so ”moralsk” og djupt; ein blir glad ved aa sjaa, at der enno er godt Humør til, og takkar for Bøker som Paul Berghs ”Lausøyre” og no desse Smaastubbar; - ja for ”Skrøner og Indfall” og, som no berre er Laatt og Lentur.

”Paa Fantestig” hev stae i Fedraheimen. Dei andre Sogune er alle lentuge og friske (”Profet” noko meir tung; ho handlar um ein gudeleg Vegafant av dei, som liver av Gudsord, men ikkje etter det); Sogurne hans Henrik Wranér er overlag trøysame (t. D. den um breve til Storebror), og høyrest ut til aa vera godt umsette (paa Sognemaal); ”Lange-Tønnes” fær du deg ein god Laatt av, og endaa den vesle Rispa tilslutt, ”Ei Friing”, er ikkje verst. Utstyre er fint som altid paa Bøkerne hans Litleré.

Prisen paa Boki fær du ikkje vita av Boki sjølv; du lyt drygja, til Litleré gjev ut ei ny Bok; paa Baksida av den vil du daa kanskje faa sjaa, kva ”Smaastubbar” kostar.

Ein rar, dansk-norsk Skikk, som Litleré godt kann venja seg av med. Engelske og franske Bokhandlarar set Prisen øvst paa 1ste Side av Umslaget, dei, og um det kanskje ikkje er fullt so ”fint”, so er det daa væl so praktisk.