Frelseheren.

”Udi Stormen vi staa,

snart den stille Havnen naa.

fast i Stormen vi staa,

den kan aldri blive lang,

snart vi sikkert Havnen naa”,

syng dei og klappar i Hendene og veiftar med Lummedukane med Andlit og lysande Miner.

Tri ”Offiserar” med raude Vestar og svart Trøye stend midt paa Trammen og styrer Møte. Paa baae Sidur hev dei Heren, til vinstre Karane og til Høgre Kvinnfolka, der du legg mest Merkje til ”Halleluja-Gjentune” med dei store Hattebremane rundt um Andlite og det runde Silkjemerkje umkring Pullen. Du ser og den store ”F”en fest paa Klæda.

Fyre seg hev dei Satans Rikje, som dei daa skal freiste aa røve ”Fangar” ifraa. Heile Heren er uppstelt paa ein Tram ved eine langveggen av Salen.

Møte kvar Kveld i dei tvo Korps, som er i Kristiania, og um Sundagen baade tri og fire Gonger. Og fullt med Folk er det, som vil høyre og sjaa, endaa ein maa betale 5 Øre for aa koma inn.

Kva ein no kann segja um Frelseheren, so er det daa ein Kristendom, som det ikkje er Sut i, naar ein fyst er komen med daa. Det skal berre eit lite Rykk i Fystninga, til ein blir kvitt Satan, men so er ein kaut og glad med ein Gong.

Heile Dogmatikken deira ligg i desse Versa:

 

”En Kilde findes fyldt med Blod

ud fra Emanuels Saar,

og bader du i denne Flod,

du renset derfra gaar.

 

Kast blot dig i din Frelsers Favn

og glad og salig bliv.

O! gjør det; thi du ved hans Navn

fra Synd faar frelst dit Liv.

 

Alt fra jeg saa den Kilde god,

min Frelsers dyre Saar,

jeg synge vil om Lammets Blod,

og salig hjem jeg gaar.”

 

Det spørs ikkje noko etter ”Saliggjørelsens orden” og alt Pontoppidans Kraam. Alt er ende til, og likevæl vil ikkje nokor av dei vanlege kristne Kyrkjur skulde dei for noko vidare Villære, fordi dei legg so fælt lite Lag paa Læra. Det kunne daa einast vera, at sume vil tykje, at dei blir hellige og syndefri væl braatt.

Paa Møta gaar det livleg til, aldri lange trøytelege Bibellesningar, men stutte greide Upprop, hengde attaat nokre Bibelstykkje. Snart den eine og snart den andre av Offiserane talar, og rett som det er, spør han Heren sin, um det ikkje er sant det, som han segjer. ”Jau daa”, ropar dei alle med ein Munn. Det ymsar med Tale og Song heile Tida, snart einrøystes og snart samrøystes.

So spør Føraren burti Heren, um det ikkje er nokon, som vil vitne. Ein heil Flokk retter Hendene i Vere. Og so byrjar den eine etter den andre, baade Karar og Kvende aa fortelja, kor godt dei hev det no mot fyrr. Jamvæl Gjentungar paa ti-tolv Aar reiser seg og fortel, at dei hev tent Jesus i fem Vikur, og aldri hev vore so sæle, og so bed dei alle andre til aa koma med. So er det ein, som reiser seg og tek til aa beda for dei, som tener Satan, og heile Heren fell paa Kne, og dei høyrer som ein Surr fraa alle saman, ja, aa ja, ja kjære Jesus, Amen, Amen, ak ja kom aa hjelp oss, so Maale til den, som fører Orde, mest ikkje blir høyrt.

Men best som det er, klappar Hovdingen i Henderne og legg i og syng upp:

”Fast i Stormen vi staa,

den kan aldri blive lang”

og hundravis med læjande Andlit og klappande Hender og veiftande Lummedukar er med og slær Takten til den lette og lystige dansetone.

Naar so Møte er mest slutt, bed Føraren dei rette upp Handa, som er Guds Bonn. So ser han utover og segjer: aa det er nok mange her endaa, som ikkje er Guds Bonn, lat oss beda for dei. Og so mannar han Synderan aa koma og kasta seg ned fyre Trammen, medan dei syng:

”Thi dig nu han kalder,

ja dig han kalder,

ja Jesus han kalder, han kalder dig nu.”

Og so kjem det jamt nokon gangande fram og læt seg ”fange”, og tvo ”Soldatar” legg seg ned ved Sida deira, og alle til aa beda for desse.

Fyst blir dei ”lauskjøpte Slavar”, og so stig dei litt um Senn til ”Soldatar” og ”Sersjantar”. Dei som vil bli ”Offiserar” maa gaa igjenom ein ”Krigsskule”, kvart Korps hev sin ”Kaptein”, det kann vera baade Kar og Kvende. ”Kommandøren” er ein Svenske, og Generalen bur i England, han heiter William Booth.

Det var Booth, som fekk Frelseheren istand, og det var so vidt me veit ikkje lenger sea enn i Syttiaara. Men no er han utbreidt over heile Verda og hev 6000 Offiserar. I Norig hev dei no alt Stasjonar i Kristiania, Kongsberg og Arendal. Blade deira ”Stridsropet”, som kjem ut i Stockholm gjeng ut i nær 20.000 Eksemplar. I siste Blade melder Kapteinen: ”Seiren er vor ogsaa her i Kristiania”, og det trur me gjerne.

__________

Booth var Methodist fraa det fyste, men so skilde han seg ut og tok til aa freiste paa ei militær Ordning inn i Frelseverke. Sjølv nemner han ut Ettermannen sin og hev heile Yverstyre. Det er ikkje nokon demokratisk Skipnad med folkevalde Prestar og slikt, alt gjeng etter Komando. Booth er soleis den andre Generalen i Kristendomen, Jesuiten Lajola var den fyrste.

Offiserane fær sine ”Instruksar” som i ein annan her, dei held ”Spionar” o. s. v., og skriv Krigsmeldingar um kor mange ”Fangar” dei gjer. Ei Melding i Bladet lyder soleis: I söndags afton gjorde en afdelning af oss ett utfall mot fiendens ställning norr om staden. Några baptistvänner hade inbjudit oss att fatta posto på en ställning, den de lyckast eröfra – ett gammalt bränneri. Efter tre timmars strid hade vi vunnit

sex fångar.

Med ökadt mod och stor segerfröjd marscherade vi hem och möttes der af underrättelsen om seger äfven vid hufvudstyrkan. Halleluja!

Joh. Ögrim.

kapten.