Hin Karen,

den andre Savalkulten, Kolbotten kallen, styrde Blade, mea eg sjølv var paa Byreis.

Den gløgge Lesar vil elles ha merkt det av den Maaten, det hev vore skrive um meg paa, soleis daa det stod, at eg tapa for Statsraaden i Stevjing. Eg vilde ikkje ha teke det paa den Maaten. For eg vilde ha sagt, at eg vann helder. Og eg vilde ha spurt Revisjonsministaren, kor han hadde gjort av Frøesteva og Bjørkemaale, sea han ikkje svara meg der.

I Fedraheimen du møte skal meg

med Pilin’ og Ørvin’ bjarte.

Og hev du Karmanshugen i deg,

so ber ikkje Kalvehjarte.