Klok og ”klok”.

Naar ein Mann veit kva han vil, og veit, kva Raader han skal bruka for aa faa fram det, han vil, - so er han klok.

Naar ein Mann veit, kva han vil, men vil det halvt og veikt, eller gjev det upp att; av di han ikkje vil støyta Folk eller skræma dei fraa seg, - so er han ”klok”.

Skilnaden kann vera verd aa merkja seg, helst for unge Folk som trur, at daa det er eit Lyte aa vera ”klok”, so maa det vera ei Dygd aa vera uklok.

b.