Ny bok fraa ”Vestmannalaget”.

”Vestmannalaget” i Bergen sette fyr langsameleg tid sidan upp ein premie til den, som kunde skriva ei glup ”Lærebok i landkunna” – geografi – paa norsk maal. – Fleire freistad. Julius Gude vann premien.

Boki hans Gude er no gjenomsedd av Ivar Aasen og Hans Ross og skal utgjevast med det fyrste. Det vert ei stor bok – paalag 300 sidur – med mange gilde teikningar.

Maalmenner, særleg lærarar, bør tinga ”Lærebok i landkunna” fyreaat. Kjem det flust med tingarar, vil boki verta fint utstyrd, innbundi og svært billeg – 1.50 elder 2 kronur.

Send tingarliste til

Mons Litleré,

Bergen.