Oftedølskatekisme.

1. Du skal elska Kjøtgrytune og den norske Rikskassa. 2. Du skal tru paa det, du hev Bate av.

3. Du skal ikkje halda den 9de Juni som Fest. 4. Du skal dyrka og tena alt, som heiter Sverdrup. 5. Du skal ”slaa av.” 6. Du skal vera trufast mot Gryteloddur og Taburettar. 7. Du skal ikkje vera altfor ærleg. 8. Du skal ikkje tala væl om Rektor Steen. 9. Du skal ikkje strekkja deg lenger enn Skinnfellen rekk. 10. Du skal halda deg til ”det visse.”

Torgeir Bjørnaraa.