Prest Dr. Horn

– ein Herrens Tenar og Sakførar imot dei ”smaae” og til bate for Storfolk og dei, som avlar Lausungar.

Det var paa eit Sætelighedsforeningsmøte i Kristiania. Det var paa Tale, um ikkje Lausungar skulde faa Rett og Vyrdnad som andre Menneskje. Nei, meinte Horn, det vilde gaa gale, um uægte Bonn skulde faa jamstor Arv med dei ægte, at t. D. dei, som Mannen hadde fyreaat, skulde Kona ogso hjelpa av dei Midlar, ho hadde auka Mannens Bu med. Det var ikkje mogeleg aa gjeva Lausborn rett Arv, uta at ein hadde Sereige i Ægteskape.

Daa skulde ein vente, at Prest Dr. Horn maatte av all Magt arbeide for Sereige, naar det gjeld eit slikt Rettferdskrav.

Men sjaa det leet nok ikkje dr. Horn um. Teologane plar ikkje like Sereigelovar; daa vart det Slutt for dei fatike Stakarane med aa spekulere i rike Giftarmaal.

Men Horn er nok elles ikkje mykje huga paa Rettferdskrava, er det likt. Han er ikkje av dei, som vil ”forrykke den nuværende Samfundsorden”. Han møter dei mannamidle Tankar i vaar Tid med dei gamaltestamentlege strenge Orda: jeg er en nidkjær Gud, som hjemsøger Fædrenes Ondskab paa Børnene i tredje og fjerde Led.

Me tenkjer, at um Horn vilde lesa litt meir i det nye Testamente, allvisst i Jesu Talar, vilde han faa eit anna Syn for, at det er baade kristelegt og rett aa hjelpe dei smaae i Samfunde.