Redaktør Thommesen

er ein streng Herre, ”hvo kan bestaa for ham?”

Ver i ditt Liv som du er i ditt Blad, segjer Thommesen, um du vil, me skal tru deg. Han er sint, fordi eg kvad Stev med Statsraad Liestøl i Samlagsmøte.

Likesom det var alt. Aa nei, det er nok meir, og det som verre er, skal eg tala um politiske Misgjerningar. Sea du væl fær njosne det upp ein Gong lell, fær eg likeso godt fortelje det sjølv.

So høyr daa Thommesen heile mi Tilstaaing: eg aat Middag hjaa ein Høgremann, og – Tankar er væl helder ikkje tollfrie for deg – eg tenkte paa aa drikke eit glas Øl saman med Overkaninen Per Sivle.

Eg var berre glad, eg slapp heimatt eg, so eg slapp aa vera utsett meir for Freistingar til so fæle Synder og Misgjerningar.