Skilnad paa folk.

Det kom tvo søkningar in til stortinget i fjor. Den eine var for ein arbeidsmann.

Han hadde skamfare seg paa statens jarnvegsarbei, og no hadde han ikkje pengar, so han fekk vera hjaa doktaren lenger. Fekk han ikkje hjelp til det, so vart han helselaus alle sine dagar.

Det andre var ein søkning um pengar til ei staselegare jarnbanevogn aat kongen.

For so vidt var dei baae pengespursmaal og jarnbanegreider. Men kvar ein, som ikkje er reint blind kongedyrkjar, maa sjaa skilnaden. Arbeidsmannen bed um pengar til aa betala doktaren med, so han kunde faa helsa att – det er berre nokre hundra kroner. Fekk han helsa si att, kunde han hjelpa seg sjølv og arbeida aat andre.

Kongen eig millionar, fær leva fritt og reisa fritt. Han hev fenget seg ei ser vogn fyrr, so han slepp reisa samen med sine ”undersaattar.” Men no er den vogni ikkje god nok, og so reiser han i den svenske. Det skulde vera til landsens æra, at me kosta han ei vogn for 25,000 kroner!

Helselause arbeidsmannen fek faae stemmer. Pengesterke kongen fekk mange.

Korkje det eina held det andra vart gjeve, men det er merkeleg likevel.

Brita Bjørgum.