Skulegreida i Telafylket.

Det var bra Karar, som stod i Bratsbergs Amtsthing ifjor og røystad for aa strjuka ut Tilskoti til Amts- og Folkehøgskulen, det er ikkje for det.

Men bra Karar kann og gjera galet. Me vil sjaa denne Avgjerdsla etter i Saumom. Me vil sjaa fyrst etter i Botnen, me meiner det Skulenemndi lagde fram, Grunnarne.

Ein er so: ”Verken Folkehøgskulen eller Amtsskulen bibringer den opvoksende Ungdom saapas Kundskaber, eller bidrager saameget til at fremme almindelig og ind i Folkedybet trængende Oplysning, at fuld valuta erholdes for det betydelige Beløb, der aarlig anvendes til dem.”

Me trur ikkje, det er vandt aa segja noko slikt, men det er vandare aa prova det. Detta hev ikkje Skulenemndi fristat paa. Skulde Skuldingi vera sann, so laut anten Lærararne vera duglause elder Søknaden aat Skularne kleen. Men no segjer Skulenemdi, at det skortar ikkje paa Dugleik og Idugskap hjaa Lærararne. Ikkje hev dei noko aa segja paa Søknaden. Ja kvat er daa Orsaki? Jau segjer Skulenemdi: ”Daa Skulen berre hev ”eitaarige Kursus”, so kan dei ikkje gjeva eit meir ”tilfredsstillende resultat.” Altso Skuletidi 5-6 Maanader er for stutt! -

So segjer vel Skulenemndi: ”So fær me gjera Skuletidi lenger”; so kan vel du tru, ho sagde. Nei ho sa ikkje so. ”So – stryk me Skularne”, so sa Skulenemndi, og so set me Skular istaden, som hev Helvti so lange Kurser, klenarne Lærarar, o. s. fr. Dei Skularne vil gjeva full Valtua! Ja naar ikkje Amts- og Folkehøgskuelen gjev full Valuta, fordi dei hev forstutte Kurser, so maa ein Dagskule gjeva full Valuta, som hev endaa stuttare Kurser, det er greid Logik!!

For den, som veit Skilnaden millom Amts- og Folkehøgskulen paa ei Sida og Dag- og Kveldskulen paa hi, baade med Lærarkraft, Søknad og alt hitt Stell, er denne Tankegangen reint løgjen.

”Full Valtua” -! Ja, her er mange Talemaatar i denne Verd. Det er ei Skjønssak, som kvert myndugt Menneskja hev Rett til aa avgjera for seg sjølv. Ein meinar, han hev full Valuta paa Folkshøgskulen, ein annan paa Amtsskulen, ein tredje paa Dagskulen, ein fjorde paa Kveldskulen, ein femte paa ingen Skule, ein sette paa Middelskulen o. s. fr. Det var 86 Elevar, som seinste Aaret gjekk paa Amts- og Folkehøgskulen. Meinte no dei, at det ikkje gav ”full Valuta?” Hadde dei lagt fram nokon Uttalelse for Amtstinget? – Nei. Og dei 9 Herad*, som søkte um aa faa Amtsskulen søkte dei um noko, som dei meinte ikkje gav ”full Valuta?” – Hadde ikkje fleire havt Skularne fyrr? –

Det er Elevarne, som legg største Utlegget til Skularne, og derfor hev dei fyrste Retten til aa døma um Valutaen. Ein kan ikkje reikne detta Utlegg for Tid, Kosthald, Hus, Reisur, Bøkar o. s. fr. mindre enn 1 Kr. Dagen. Det gjer i 5 Maanader 150 Kr. paa kver Elev. Etter det, so hev dei 86 Elevar skotet til 12,900 Kr. til Amts- og Folkehøgskulen, ikring 4000 meir enn Stats- og Amtsutlegget ihop! Elevtalet er soleis vissaste Merket paa Valutaen, noko som meir og meir vert aalmennt godkjent. Ellest kunde ikkje Tanken um Stipendier hava so mykje for seg.

Det er Folket sjølv, som altso hev fyrste Retten til aa døma um full Valuta, fordi det gjer det største Utlegget. Folkedomen syner seg i Søknaden til Skulen og Søknader um aa faa Skulen til seg. Dei 86 Elevar og dei 9 Herad, som bad um Skularne, det var Attesten fraa ”Folket sjølv.”

Men det var nok andre Attestar, som hadde meir aa segja. Høgre hadde haldet paa aa skrivet Attestar i Bladi sine um Folkeskulen og alle Skular, som ikkje er laga som dei vil ha dei. Og so var der nok andre Attestar og. Dette laut daa vera Røyster fraa sjølve Folket, lyt ein tru.

Skulenemndi hev ikkje sjølv full Tiltru til Dag- eller Kveldskularne. Dei trur at dei er ”saavidt fuldkomne at de midlertidig kan afhjelpe den almindelige Oplysningstrang.” Men dei trøystar dei mogeleg Misnøgde med, at dei hev sparat. Dei trur at ”Skatteyderne” vil lika Sparing, sjølv um det vert gjort ”paa Oplysningsvæsenets Konto.” Denne Sparing segjer so mykje, at den, som i 1887 hadde 84 Øre i Amtsskat, han hev i 1888 83 Øre! Det kan alltid vera ein Mun for dei, som ikkje verdsat Upplysningi meir!

Men den Sparingi hev ei Baksida: Elevarne, som no skal faa Dagskulen i staden, sparar dei? –

Det kostar dei mest det sama, anten dei so gjeng paa Dagskule, Amtsskule elder Folkehøgskule, naar dei alle fær fri Undervisning. Same Tid, Kost, Hus o. s. fr. gjeng med. Men fær dei like mykje att? – Det fær dei svara paa sjølve. Me trur, at den Skule, som hev duglegaste Lærarar, gjev best Valuta, og mest for den ”ubemidlede Klasse.” For dei, som ikkje eig pengar, er Tidi kostbar. For dei er det beintfram sant, at ”Tid er Pengar”. Den beste Sparing for dei, er aa faa so mykje som mogeleg att for den Tid, dei offrar.

Denne Sparingi, som Skulenemndi nemner, hev ei onnor Sida og. Amtet sparer Kr. 1600, men misser den Statshjelpi, som svarar til Kr. 4800 . Og so legg Amtet ut det same som fyrr til dei vel 52 Amts- og Folkehøgskular, som dei andre Amti heve. Dei kostar Staten kring 130,000 Kr., og soleis maa Bratsberg Amt skjota til millom 6-7000 Kr. til dei. Gode Greidur!

So trøystar Skulemendi med, at denne Skuleløysa berre skal vare ein tvo-tri Aar, so kjem den nye Skuleloven. Ja men kvat hjelp det um Loven kjem? - Loven kjem vist ikkje med noken Ungdomsskule, utan at Folket sjølv lagar den. Og so vert det nok ikkje tri Aar, men kanske 8, 9 elder 10 Aar.

Skal Ungdomen i Telefylket vente paa det nye Stellet i Skulegreida, so vert det nok lenger enn ”sjau magre Aar.” Me trur, at dei Unge innan den Tid kan vera ærværduge Fedrar. Me trur ikkje, at dei nye Skularne kan gjeva fullare Valuta enn dei gamle. Baade dei gamle Skular (Amtsskularne) og dei nye, som vert laga, vert laga og styrde av folkevalde Menn. Naar det er same Deigen, vert det same Slags Kaka og. Som me reider upp Sengi, so ligg me.

Og den ”ubemidlede Klasse”, kvat skal den gjera? Jau den skal spilla Tidi paa ein Dagskule. Ellest kunna dei verta forkloke, so dei vart likso vise som dei, som sat i Amtstinget. Ein lyt vara og vakta paa Ungdomen, so han ikkje vert klokar enn dei Gamle, so desse kjem i Skuggen for hine.

Tele.

*) Saudar, Lunde, Drangedal, Grandsherad, Laardal, Mo, Fyredal, Nissedal og Hjartdal.