Spara.

2. Styringi.

Det er som han segjer, han Mathias Skeibrok: Det er fælt, so mykje Stel og Staak som der skal til for aa styre desse stakars tvo Millionarne vaare.

Fyrst sit Storthinget der, 114 Mann sterkt, med alle sine Komitear og Forhandlingar. So er det Statsraadarne, tie Mann, likso mange som dei hev i Storlandi, og 7-8 Departement fulle av lovkunnige og sak-kunnige av alle Slag og kongelege Kommisionar i tylvtevis, og parlamentariske Kommissionar og, naar det gjeld paa. Og so er det Kongen og mange hundrad andre Embættsmænn i baade Sylv og Gull, og Domstolar og Konstablar og Futar og Lensmenn, so ein skulde tru, at annankvar Mann var ein Tjuv og ein Kjeltring. Og so tusund Prestar til aa telja oss til rettes baade Kvardag og Helg, og til aa ta Skatt av oss for kvar Ting, som sker, - kvart Barn, som vert født, og kvart Lik, som skal i Jordi, kvar Glede og kvar Sorg, vaare Synder og vaare Voner – all Ting.

Men no er der daa dei som tek til aa tenkja paa, um det ikkje skulde kunna gaa for seg aa styra desse tvo Millionarne noko billigare.

Der er endaa framsett Forslag, og det er eit Stykkje paa Veg. Naar Thinget hev stelt med desse Forslag i nokre Aar, og debattera burt eit Par Millionar paa dei, so vert det nok noko av det, skal me sjaa.

____________

For det fyrste kann me spara inn heile Statsraadsavdelingi i Stockholm, og det vil segja ein Statsministar og tvo Statsraadar det.

Dette Attmedstyre i Stockholm vart sett der fordi Kongen er svensk, og det var Tanken, at desse tri Nordmennerne skulde gjera han noko norskare. No ser me, kor det gjeng med det. Kongen blir ikkje norskare av aa ha dei tri Nordmennerne der; men dei tri Nordmennerne, - dei blir kanskje noko svenskare.

Riksraadet i Stockholm duger til ingen annan Ting enn til aa visa, at me ikkje er ein sjølvstendig Nasjon. Riksraadet i Stockholm er som Unionsmerket i Flaget -: ei nasjonal Skam. Og denne Skammi blir ikkje mindre fordi um ho kostar Pengar.

No, daa her er Jarnveger og Eimbaatar og Telegraf, kann me greida oss utruleg utan denne kostbare Unionsflekken. Er det ei Sak, som hastar, kann dei telegrafera; er det ei Sak, som Kongen endeleg skal vera med i, so kan han reisa hit; det er ein Dags Tur med Jarnveg, og fri Skjuts hev han, so mykje han vil. Alle andre Saker kann det norske Riksraad sjølv avgjera, liksom det avgjer mange Saker alt no.

_________

Me kann altso greia oss med 7 Statsraadar istadenfor 10. Det er 56000 Kr. spart um Aare.

Og so bør kvar Statsraad ikkje ha meir enn 6000 Kr. um Aaret*) Det er 500 Kr. Maanaden, og dermed hev ein Mann nok, dersom han fører eit nokolunde rimelegt Liv. Er det ein som vil leva paa større Fot, ha fleire Konur o. s. fr., so bør han betala slikt sjølv.

Det gjeng ikkje an i dette fatige Landet aa gje Folk so store Løner som 12000 Kr. um Aare. Dei hev ikkje godt av det. Minst Riksraadarne. Tek du ein stakkars utskyldug Sakførar, eller ein annan politisk Proletar, og set han paa Taburetten med 1000 Kr. Maanaden, so blir han utskjemd. Han hev aldri kjent noko so lett og godt som aa liva med 1000 Kr. Maanaden; han betalar gamle Skulder og liver sutalaust og set Pengar i Banken attpaa; aa det var daa makalaust godt aa vera Riksraad, tykkjer han. Baade han og Kjeringi tykkjer det, og Døtrane, og heile Huset. Naar han hev livt paa denne Maaten eit Aars Tid, forstend han ikkje lenger, korleis han skulde greia seg med mindre enn 1000 Kr. Maanaden. Og so gjev han seg til aa tinga med seg sjølv og sine Meiningar og si politiske Ære -: eg kann vel altid sitja, um eg ikkje vinn i den Saki; det er vel ikkje so strengt; den norske Parlamentarismen krev ikkje, at eg gjeng av enno. Og so blir han sitjande og sitjande, og di lenger han sit, di meir utskjemd (demoraliserad) blir han; tilslutt maa me ta han og sparka han ned av Taburetten att.

Fær han rimeleg Løn, ei Løn, som ikkje er altfor mykje større end den han hellest kann faa, vil det blir Raad for oss og aa faa eit parlamentarisk Styre.

_________

So er det Storthingsdiæten.

Det hev vore sagt, at mindre enn tri Dalar Dagen kunde det ikkje vera, dersom Rikmenn eller Folk, som sit i store Forretningar, skulde vilja væra Thingmenn.

Hertil er aa svara, at for Rikmenn eller Folk, som sit i store Forretningar, gjer nokre Kronur um Dagen meir og mindre korkje fraa eller til.

Sjaa no Advokat Stang; han hev tri Dalar Dagen; men endaa maa dei no subskribera (”tigga”) Pengar ihop til han, dersom han skal halda ut med det. Tri Dalar Dagen nyttar altso ikkje for slike.

Og so blir det sagt, at mindre enn tri Dalar Dagen kann det ikkje vera, dersom Smaafolk som ingenting eig, skal kunna koma paa Thinge.

Derom er aa segja, at Smaafolk, som ikkje kan klara seg med mindre enn tri Dalar Dagen, dei bør ikkje paa Thinget heller.

Smaafolk, som liver vitugt i Kristiania, greier seg rundeleg med tvo Dalar Dagen.

Dei vil endaa ha ei Krone aa gje bort so ender aa daa, um det er nokon, som bed dei.

- Det gjeng ikkje an i vort fatige Land aa ha store Thingpengar. Med store Thingpengar alar me berre upp eit politisk Proletariat, som er til Skade for Landet. Me alar upp ein Stand, som berre liver av Politikk, - Sakførarar, som læt Forretningarne heime gaa som dei kann; Bønder, som fær Kristianiavanar og gløymer aa arbeida og tilslutt maa vera paa Thinget, dersom ikkje deira ”Soge skal vera ute”, - Folk, som altso lærer seg til aa berre gaa og tenkja paa, koss dei skal stella seg, so dei skal bli valde uppatt.

Thingpengarne skal vera so smaae, at naar Folk hev vore paa Thinget sine tri eller 6 Aar, so skal dei vera nöydde til aa vera heime i tri Aar att og passa sine Forretningar. So kjem det nye Menn inn att, og det blir eit nokolunde jamt Skifte. Daa blir Thinge ein Repræsentasjon for Folket mykje meir enn det no kann vera. Og so blir det fleire, som kjem fram og fær den Skulen, som Thinglivet gjev, og som daa sidan kann bli brukte til mykje godt baade i Bygd og Fylke; det er og ein Ting, som me bør sjaa paa.

__________

Noko av det som like eins maa burt, dersom me skal faa Ende paa alt dette politiske Proletariate, det er det, at Thingmennerne brukar Magti si til aa dela ut til seg sjølve alle slike Yrkje og ”Tillitshverv”, som det fylgjer Løn med: Bankpostar, Statsrevisorpostar og sliktnoko.

Dette er ein Ting, som kann vera gagnleg for Storthingsmann den og Storthingsmann den, men som ikkje er gagnleg for Storthinge, og knapt nok gagnleg for Banken heller altid.

Det er slik no, at finnst det i eit Fylke ein Thingmann, som høyrer Majoriteten til, so er han Bankstyrar so sant det finst Raad. Um dei so skal henta han lange Vegjer, Banken skal han styra; for der er noko aa tena der. Sjølve Jaabæk, som i sine gode Dagar skreiv so djervt um slike Ting, er no sendt fraa Mandalsdalen og heilt til Kristianssand for aa styra Banken.

Og i Statsrevisionen sit det no fire Thingmenn. Det fyrste eg kann minnast, var der berre ein av det Slaget, Joh. Sverdrup; sidan kom Hjorth, Jakobsen og Berner, so det tilslutt berre var Hølaas og eg, som ikkje var Storthingsmenn. So hivde dei meg og fekk Plass for Storthingsmann Reierson; no reiser Hølaas, tenkjer eg, so dei fær Plass for Holmesland og; daa blir det berre Thingmenn i Statsrevisjonen. Kannhende blir Hjorth og hivd, daa han ikkje er Oftedøl; daa kunde me faa fem Oftedøler til aa sjaa etter Regjeringi, som er tie Oftedøler; - daa kunde dei visst setja ned Løni so langt det vilde, for all den Nytten, der daa vart gjort.

Det einaste rette er naturlegvis aa avtaka Revisjonsdepartementet og skipa Statsrevisjonen um, so den aaleine tek alt Revisionsarbeidet. Mykje kunde bli spart ved det, naar det vart rett tekje.

Dei hev tala paa dette i mange Aar no; Folk hev endaa vore kosta til Utlande for aa faa Greie paa Saki; ja det hev vore Forslag framme for Thinge og eingang; men so blir det ikkje meir. Arbeidet ligg der.

Kanskje er det ikkje verdt, at det blir gjort i denne Tidi heller. Skulde Karar som Berner og Sverdrup greia det, so vart det nok ikkje billegt; - det einaste eg hugsar av det Forslaget, som var framme, er noko um, at der skulde vera fem Statsrevisorar med femtan hundrad Dalar kvar og fem eller tie Byrosjefer med fjortan hundrad Dalar kvar osfr. osfr.

For gildt skal det vera, maa’ta.

- So lengje Statsrevisionen er skipa som no, so me jamsides med den skal ha eit heilt

Revisjonsdepartement, og so, at Revisor-Yrkje for det meste blir dreve som ”Bierhverv” til Thingmannsyrkje, - so berre set Lønerne ned; set dei dugeleg ned. De finn altid Klokkarar og Listerlendingar nok, som ser seg Mon i aa vera Statsrevisorar like godt, - ser De.

_______

*) 8000 Kr. foreslær dei.