”Løse forbindelser”.

I ”Fedrh.” for 18de mai segje Arne Garborg, at de er ”løse Forbindelser i Hrr. Ullmanns Tankegang.”

Som grun for denne leide domen kjem han med di, at Ullmann har kalla de ”løse Forbindelser”, saaframt ækteskapa ikkje vart ingjengne med tru paa, at dei skulde vare for live”, og vidare, at ”Ullmann like vel iaar er med og set fram forslag om, at de herette skal bli lettare for æktefolk aa bli skjilt aat, æn de har vore.”

Eg maa tilstaa, eg held med Ullmann i baae desse delom skulde ikkje de være tanken, naar to gjifte seg, at ækteskape skal vare live ut, ja eg vil ænda lægge til: skulde dette ikkje ogsaa væra ønskje, saa vilde eg kalle de ikkje berre lause men beint ut dyriske ”Forbindelser” eller hoplag; motbørløg aa tænkje paa slikt, tykke eg!

Men for de, at Ullmann ikkje vil ha olykkelege ækteskap, korkje langvaruge eller livsvaruge, defor er han sjølvsagt med paa, at de skal bli lettare herette æn hittil for olykkelege æktefolk aa koma lovleg sundt av kvart; dei lykkelege vil da vel ikkje fraa kvart anna, om æn loven gjer de lettare aa bli skilt aat? Eg kan sant aa segja ikkje sjaa anna, æn at de er ”faste forbindelser” i denne ”Ullmanns Tankegang”; og skulde eg segje meir, saa vart de dei orda, at de er oventa laust av hr. A. G. aa skjylde U. for laus tankegang her.

O. Høyem.

________

Bladstyre hev vist meg dette.

- Dei ulukkelege Ægteskap skal ikkje vera livsvarige; lykkelege Ægtefolk gjeng

ikkje fraa kvarandre, fordi um Loven gjer det lettare aa skiljast aat, - meiner Høyem.

- Ja kva trur han, eg meiner daa?

Arne Garborg.