Den nye Ægteskapslogi

elder Logi um Eigedomsretten millom Hjonet vert eit godt Framstig; han heve no gjenget gjennom baade Odelsting og Lagting.

Det er berre Smaating, Lagtinget heve gjort Merknad ved, so Logi vistnok kjem i stand iaar.

Parfolk vil lettvint kunna gjera bindande ”Ægtepagt” og faa i stand Sereiga baade fyre og etter Giftarmaalet; dei kann faa stella seg, som dei vil, naar dei er samde baade. Gjera dei Semja etter Giftarmaalet, maa al Gjeld paa deira sams Eigedom vera greidd, fyrr Semja kan koma i stand, so dei, som hava tilgodes, ikkje lida Tap. Vil dei umskipa ein Ægtepagt”, som er gjord fyre Giftarmaalet, maa det Stadfesting av Kongen til.

Kona er myndig og raader sjølv yver det, ho tener og skrapar i hop paa eigi Hand.

§ 16 lyder: Lvisforsikringssum elder Livrente, som er sikret nogen af Ægtefællerne, bliver dennes Særeie, dersom ikke anderledes ved Testament, Gavebrev eller Ægtepagt er bestemt. Arvelade kan ved Testament bestemme, at de Arvemidler, der ifølge Loven tilfalder hans Livsarving, skal være dennes Særeie.”

Som du ser, er det berre ”Livsforsikringssum” elder Livrenta og det Kona ved sjølvstendigt Arbeid heve laga seg upp elder kostat, som skal vera Sereiga. Alt hitt er Sameiga, um ingenting er skrivet Hjonet millom.

(Nordmannen).