Er det sant,

at Bj. Bjørnson etlar seg til aa taka ei preikeferd rundt landet fyre aa drepa norsken?

Ingen skal undrast paa, um det er sant; det er tvert imot ventande, at han tek paa med ei slik ferd han, som finn det aa vera so skræmeleg, at storthinget gjev pengar til maalskular. Han veit og godt, at hjaa ungdomen er ein veksande kjærleik til norsken, ein kjærleik, som vert sterkare, til meir kjennskapen til maalet veks. Dei unge plar segja um maalet : ”daa eg lærde aa kjenna det, lærde eg aa elska det”. Mange av dei lærarar, som heve voret paa maalskularne heve seinare lært ungdomen i heimbygderne sine aa skriva norsk; so desse pengarne til maalskularne heve boret gode rentur. Men det er vel slikt som skræmer.

Kannhenda det kann nytta endaa ei tid aa setja dei ”gamle” i skulekommissionarne ei heil horg ”betænkeligheder i hovudet”, so dei unge inkje fær læra norsk i skulen; men dei, som er nokot tak i, vil nog inkje kvida seg fyre aa læra det seinare. Og no er det forbi med den tid, daa det var ei skam aa tala og skriva norsk, tvert om, ungdomen held det no fyre ei æra. Og der skal ”brøytast” baade tungt og trutt, fyrr andre meiningar og kjenslor um den ting kjem inn i ungdomen.

Det er sant, her heve av dei styrande til dato voret gjort fælt litet fyre aa læra ungdomen norsk, so litet, at vaare heimedanskar heve frygdat seg yver, at me heve lotet brukt ”grammatikk og leksikon” fyre aa læra skriva det, medan millionar av krunor aaarleg heve voret brukte til aa læra oss upp i dansk med norsk i enden – (dansk-norsk).

Naar dei no ser, her kjem fleire og fleire norske bøker, meir og meir norsk i avisom vaare og meir slikt, som tyder paa, at her vert fleire og fleire av deim, som læs og skriv norsk, so ottast dei fyre berre dei stakars kruner, thinget gjev til maalskular!

Denne otten er inkje so urimelig endaa; fyr det skynar alle, at fraa den dag, norsken fyre aalvor kjem in i skularne, er det ute med ”dansk-norsken”. Og desse Maalskular hjelp til at norsk snarare kjem inn i alle skular.

Skulde det en vera sant, som det segjest, at B. B. etlar seg til aa knusa norsken, so tek me det med ro. Me veit han berre knusar klubba.

30-3-88. E. Melvær.