Fraa Riksstyret

er komet Framlegg til Odelstinget um ei ny Log, som skal gjeva Renta fri.

Fyrr heve Renta voret bundet ved Log, so ho ikkje maatte vera 5 av Hundrad, fyre 1852 maatte ho ikkje vera yver 4 av Hundrad. Rentur, som ikkje er fastsette ved Kontrakt, skal svarast med 4 av Hdr., so sant der ikkje er Log, som krev høgre Renta. Men vil nokon i Dokument seg imillom setja Renta høgre, er det fritt fyre.

Paa den Maatan trur Riksstyret, at Pengarne betre kan stiga i Verde etter gode og krappe Tider.

Den logbundne Renta heve voret sett fyr aa hindra urettferdig Renta. Men dei hava gjenget Krokvegar, so den verkelege Renta heve vortet upp til 10, ja 20 av Hdr., utan at Logi heve naatt deim.

Men naar dei gjeva Renta fri, maa dei kvessa straffi fyr aa taka urettferdig Renta. Framlegget segjer, at den, som brukar annan Manns Naud, Likesæla, Vitløysa elder Ukunnigskap til aa faa seg Fyremuner paa slik Maate, han vert refst med Bøter elder fengsel.

Paatale skal Amtmanden reisa, anten den som lid Uretten vil elder ei.

(Nordmannen).