Fyrr og no.

Lat oss ta Sverdrup i 1882. Daa stod han i beste Bragjen sin, klaar og sterk etter 30 Aars Strid. I den store Programtalen, som han heldt paa Lillestrømmen den 4de Juli 1882, hev me Mannen.

”Om Opgaven er vi enige”, sa han -: ”Selvstyrelse, og paa Selvstyrelsens Vei Fremskridt i alle Retninger.”

Han nemde dei Sakerne, som kravde Gjenomføring fyrst og fremst, um me skulde naa dette Maalet. I Kraft av ”en ved Erfaring og Eftertanke grundfæstet Overbevisning” nemnde han dei; - so talad Johan Sverdrup:

”Det første, jeg vil fæste Opmærksomheden ved, det nævner sig sjølv: Opretholdelse af Storthingsbeslutningen af 9de Juni 1880. Behøver jeg at forklare, hvad det gjælder om? – Det gjælder Folkets ufortabelige Ret til at forsvare og selvstændig at gjenemføre og udvikle Forfatningen, der hviler paa Folkesuveræniteten og er udgaaet i dens Namn. Det er det første og det største.”

”Det gjælder tillige”, heldt han fram, ”at man ved Statsraadernes Deltagelse i Storthingets Forhandlinger faar indforlivet i Forfatningen en Institution, der giver Folket gjennem dets Repræsentation en bestemmende Indflydelse paa Statsraadets konstitutionelle Holdning, gjør Samvirken mellem Regjeringen og Storthinget institutionel og sikrer for, at kun dygtige og med almen Tillid hædrede Mænd kaldes til Medlemmer af hans Majestæts Raad. – Vi er her ved Fredsvilkaar, hvor i intet kan eller maa eftergives.”

”Endnu et stort Forfatningsanliggende fordrer Plads paa ethvert Valgprogram”, sa han. ”Jeg sigter til Udvidelse af Stemmeretten, saaledes, at alle selvhjulpne Mænd blir valgbare og valgberettigede. Jeg har sagt det før, og jeg gjentager det: Selvstyrelsen kan ikke blive til sand Virkelighed, de Institutioner, hvorgjennem den skal virke, faa ikke tilstrækkelig Fasthed og Magtfylde, med mindre alt det, som er myndig i Folket, bliver medberettiget, medinteresseret, medhandlende og medansvarlig. Udvidelse af Stemmeretten er en Retfærdighedshandling og – det bør ikke tiltale os mindst – en Magtudfoldelse af det folkelige”.

Her liksom stansad han og samlad heile sin Politikk i ein einaste stor Setning: ”Har vi aarlige Storthing,” sa han, ”en til alle selvhjulpne Mænd udvidet Stemmeret, og sand Ministeransvarlighed ved Statsraadernes Deltagelse i Storthingets Forhandlinger, da er Veien aabnet for alle Fremskridt i politisk, social og økonomisk Henseende, som vi ifølge vor Stilling og vor Evne kan eftertragte.”

Deretter nemnde han som programsaker: Hærskipnaden paa Grundlag av Militssystem (Folkevæpning), og so Juryen. Andre Saker, me burde ha Tanken fest paa, var etter hans ”grundfæstede Overbevisning”; ”Sparsomhed i Statshusholdningen”; ”Udvidelse af det kommunale Selvstyre”, ”Fremme af Undervisningsvæsenet og Folkeoplysningen”, og ”Ophjælp af Næringsveiene”, - men ikkje Kyrkjeraad.

- Det var Sverdrup i 1882.

________

Kaninarne segjer, at Sverdrup er den same no som fyrr, - ”ubrødelig trofast mod sin Fortid.” Nemn ei Sak, han hev svikta i! – segjer Kaninarne.

- Nemn meg ei Sak, han ikkje hev svikta i, svarer eg.

_________

Um det so er dei Sakerne, som var framførde, fyrr han vart Minister, so det ikkje var Raad aa koma ifraa dei att, um han vilde, - endaa der maa ein tidt undrast paa, kor ein hev han. Er han trufast mot Folkevæpningstanken no? Og denne nye Hærskikken, som i 1882 var ”en landsvigtig Sag”, der ”ikke længer kunde drives udsættelsespolitik med”, - kanskje den enno er gjenomførd? Er dei komne stort lenger tru enn til aa fyreskriva – den nye Uniformi?

Og Juryen? Med sju Suter og otte Sytemaal vart han endeleg vedteken. Men den Statsraaden, som skal gjenomføra Juryloven, er ikkje Jurymann, - og endaa læt Sverdrup den Mann sitja og vera Justitsministar!*)

__________

Men verst blir det, naar me ser paa dei andre Sakerne.

Sjølve Grunntanken: ”Selvstyrelse”, ”Styrelse af Folket ved Folket”, - kor hev han gjort av den? Sit me ikkje midt uppi det gamle Kontorstyre enno? Kva hev Sverdrup gjort for aa faa Ende paa det?

Daa ein Amtmann sette eit heilt Heradstyre under Tiltale, fordi Heradstyre hadde fylgt Loven men ikkje Amtmannen, - kven var det, som fekk Slutt paa den Styggheiti? Var det Sverdrup kanskje, som tok seg paa Tak der?

- ”Og paa Selvstyrelsens vei Fremskridt i alle Retningar!” Kor er desse ”Fremskridt?” Hev Sverdrups Regjering funnet paa noko anna av seg sjølv enn

1. Kyrkjeraadspolitiken og

2. Krig mot Grundlovens § 100?

Nokre kongelege Komissjonar er nedsette; det er sant. Men det hev ikkje vore klaga yver for mange ”Fremskridts”-Menn i dei Kommissjonarne visst -? Og hev dei komet nokon Veg? Hev dei innført noko Framstig, som er Namn verdt?

________

Og so 9de Juni.

Kor hev gamle Sverdrup gjort av 9de Juni? Er det nokon, som veit det?

Mrgbl. fortalde her eingong, at Joh. Sverdrup i 1884 selde den 9de Juni. Gjev du meg ein Ministerkrakk, so gjev eg deg 9de Juni, sa han til Kongen. So gav Kongen Sverdrup ein Ministerkrakk. Og so gav Sverdrup Kongen – Brev paa, at heretter skulde Storthinget ikkje lenger gjera Motstand mot det absolute Veto.

Slikt trudde ingen i den Tid. Me visste nok, at der var gjeve etter i Form; men me trudde, at gamle Sverdurp vilde vita aa halda dess sterkare fast i Sak og i Innhald.

Men Soga i Mrgbl. vart aldri avsannad. Ho stend uruggad den Dag i Dag. Og no kjenner me noko meir til gamle Sverdrup. No er der dei som spør: kann den ”parlamentariske” Ministeren, som skriv Løyndebrev til Kongen, - kann han kanskje eingong ha gjort det, som Mrgbl. hev fortalt?

Kor er 9de Juni?

_________

Den ”bestemmende Indflydelse”, som ”Folke” ”ved Statsraadernes Deltagelse i Storthingets Forhandlinger” skulde faa paa ”Storthingets konstitutionelle Holdning”, - kor hev det vorte av den?

Her i Vinter, daa Konow S. B. kom med Spurnaden sin, som gjekk ut paa aa faa vita, kor det hadde seg med ”Statsraadets konstitutionelle Holdning” no for Tidi, - daa sa Sverdrup, at det var noko, som ikkje vedkom Storthinge!

Og daa Blekastad kom med Dagsordenen sin, som gjekk ut paa, at Sverdrup skulde taka Statsraadar av Vinstrefleirtalet, - sa Sverdrup, at slikt Paalegg vilde han ikkje ta imot.

Og daa han – utan aa spyrja Tinget – hadde sparka ut tri av Statsraadarne sine og skulde ha nye att, - so gjekk Sverdrup fyrr til Høgremenn som Amtmann Arneberg og Olai Olsen, enn han gjekk til Storthingets høgste Tillitsmenn som Rektor Steen. – Kva han narrad Liestøl med, veit me.

- Og denne ”Samvirken mellem Regjering og Storthing”, som skulde bli ”institutionel” (lovfast)? Stend ikkje Sverdrupraadar i Thinget no og segjer ende ut, at dei gjorde best i aa tigja, naar dei vil ha ei Sak fram?

- Og den ”sande Ministeransvarlighed”? Kor hev Sverdrup gjort av den? Han jagar Statsraadar og tek att Statsraadar utan aa bry seg det Grand um, kva Storthinget vil; sjølv sit han med heile Fylgje sitt, endaa han ikkje vaagar seg til aa beda Thinget um Tillitsvotum.

”Ministreansvarlighed”? – ”Fællesansvarlighed” er det einaste, me hev fengje, og ”Fællesansvarlighed” er, at dei gjer som dei vil, men vert sitjande like godt og skuldar paa kvarandre. ”Skulde eg gaa, so maatte likso vel han gaa,” segjer dei, - og so gjeng ingen.

- Og so det, at me no skulde vera ”sikre for, at kun dygtige og med almen Tillid hædrede Mænd” vart Statsraadar. Er Sørenssen ”dygtig”? Er Jakob Stang ”dygtig”? Er Liestøl ”dygtig”? Kven veit! Og P. O. Schjøtt? Kva duger han til? Og den ”almene Tillid”? Kven er det av Sverdrupraadarne, som hev den? – Ikkje eingong Oftedølerne hev Tillit til dette politiske Fantefylgje; ”men me kann kje venta aa faa noko betre,” – segjer Oftedølerne.

- Med eit Ord sagt: Parlamentarismen, - kor hev Sverdrup gjort av den? I 30 Aar stod han i Thinget og stridde for, at me skulde faa Parlamentarisme. Kor hev Sverdrup gjort av den?

- - ”Fredsvilkaar, hvori intet kan eller maa eftergives”! - -

_______

Og so Røsyteretten. I 1882 maatte aalmenn Røysterett ”staa paa ethvert Valgprogram”.

”Selvstyrelsen” kunde ikkje bli til ”sand Virkelighed” osfr. utan den. No kann Norig ”ikke regjeres med almindelig Stemmeret”!

- Og Sparetanken? Hev Sverdrup spara paa anna enn Maten til Soldatane?

Og det komunale Sjølvstyre? Under Sverdrups Regjering kann heile Heradstyre koma i Beit, fordi dei tek til Lensmann ein, som – Amtmannen ikkje likar!

Og Skulesaki? Fær me den nye Skuleloven tru? Eller vert han med Kaninkunster burtsumlad?

Og Næringsvegjerne? Skal det hjelpa paa dei, tru, at me fær Toll paa Brennevin og Tobakk? –

- Men Kyrkjeraad, som ikkje stod paa Sverdrups Program i 1882, det kom han med lell og der turvtest ikkje so mange Kommissjonar helder paa den Saki! -

________

Dette er Sverdrup i 1888 altso.

Den, som ikkje ser Skilnad, maa vera likso smaaøygd som Stavangerkaninarne; baade Høgre og Vinstre hev, kvar paa sin Maate, lært aa skilja millom fyrr og no.

ugh.

(kjem att).

________

*) No vil Sørensen sjølv gaa, - som han burde ha gjort for lengje sidan. Men Sverdrup og hans Dyr prøver aa faa Mannen til aa bli sitjande lell, dei.