Kvat skal Riksstyret

no gjera fyr Maalsaki?

Det skal fyrst og fremst gjera eit Vedtak og senda Bod til Riksraad Blix, at han lyt bruka si Kraft og sin Kunnskap til aa umskriva det gamle Testamentet paa Norsk og stella i hop ei Salmebok til Kyrkjebruk. Dei skal setja honom til dette ærefælle Verket. Og det trengst eit Bod elder ei Uppmanning til det, umlag som den Landstad fekk til si Salmebok.

Um Blix vil? Alle er samde um, at han kan gjera detta Verket fullgodt – han og ingen annan. Skulde han so ikkje tru seg til det? Eg meiner Jau.

Men han maa ikkje faa nokon Professorpost elder nokot vidare utanum. Det er han for god til; ein annan kann gjera detta. Han lyt offra seg heilt fyr detta Verket.

(Nordmannen.)