Lærermøtet

i Holmestrand (Vestfold) 22-23 Mai.

Det vart eit vanlegt møte med den vanlege utsetjingsavgjerdsla slike, me ser um i kvart no. av skulebladet. Men det kann vera forvitnelig aa sjaa, korleis dei kann faa vritt igjenom slike avgjerder mot logforslaget trass i, at dei ikkje eingong fekk høve til aa antrast um meir enn eit par sidur av saki, korleis folk kann setja seg paa bakbeini mot ei log, som so lengje er ventad, so lenge saknad og so lenge arbeidd paa.

Det kom inn 6-7 sjølvbodne gjester (prestar) naturlegvis, slike bygdekonger av guds naade, som set seg til uppgaave aa tyna alle gode ny-tankar under den tronge tvangstrøya, dei sjølv kallar den kristelege tru. Vyrdelege sette dei seg i ein krins umkring talarstolen og merkte ut sin fylking av skulemeistrar og heldt heile tidi augat og øyrat opet fyr kva dei sagde, korleis dei røystad, mea dei kviskrad sin-imillom um ”mistænkelige personer” millom lærarom og mælte desse med augnelog so litet blidvorne, at mange helst tagde for aa staa paa god fot med presten. – Eg høyrde fleire sagde, dei ikkje vaagad aa tala elder røysta slik, dei hadde hug til ”af frygt for presterne.” Iminste røystad dei mot alle avgjerder.

Ein prest byrjad med ei lang bøn og uppmanad etter di aalhøyrarane til aa framsegja haagt dei kristelege trusetjingar. Detta skulde vel helst vera ei innleiding til det, som no kom. ”Der var en tendens gjennem det nye skolelovforslag til om ikke aa skille saa dog aa løsne skolen fra kirken ved aa unddrage den fra ham, som er kirkens hyrde, presten.”

Dei er rædde for aa missa magti si, prestarne, denna uretferduge hyrdingmagti, som dei hev bygt og byggjer paa folks faakunna, og som dei berre kann halda so lenge folki er ”faar”. Og so set dei seg mot, at foreldri, dei som nærmast, maatte ha magt og rett yver skulen, - at ikkje desse fær denne magti ved slikt laust snakk som, at lærarane vilde koma ”i en mislig stilling ved at staa i underdanighedsforhold til en hel menighed”.

Tru det ikkje er en ”misligere stilling” aa staaa i ”underdanighedsforhold” til ein præst?

Men prestekyrparane, dei fagnad detta med ”tendenser” reint som eit slagord, so det haglad under heile møtet med ”onde tendenser” og syrgjelege framtidsbilæte av ”konfessionsløse skoler.”

* * *

Og prestar og prestekryparar, dei klagad seg for kor vonlaust det vilde verta, um folkeskulen skulde missa ”kjernen, hovedfaget i undervisninga, det ene fornødne religion : Pontoppidan”.

Det er elles merkjelegt, at Prestarne so reint gløymer denne ”kjerne”, ”dette hovedfag”, naar det gjeld deira eigne born. Desse vert sende paa latinskular veit eg, der det ikkje er ”Pontoppidan” meir enn ein time um vika, men dei les latinsk heidningskap i 10.

Eg kann godt skyna, at prestarne – um so var – til sidste blodsdropen maa forsvara Pontoppidan, gamle Eirik, for den er nettupp ein av stolpom, som dei held uppe magti si ved. Prestarne vil ikkje, at folk skal faa tenkja, faa utvikla vitet sitt fritt, vitet, tenkjekrafti, som er menneskjet si største naturgaava. Um folk fraa barndomen vart tamde upp til aa bruka skynet sitt og ikkje ei større elder mindre evne til aa ”læra utanbokes”, um dei lærde aa tenkja sjølv og ikkje so mykje læra seg det, andre hev tenkt, so vilde det ikkje vara lengje fyrr det rauk heile stellet, baade den rotne statskyrkja og med henne dei magtsjuke, pengekjære, innfeite prestarne. Borni fær no ikkje løyve til aa tenkja ut ein tanke, svara paa eit spursmaal sjølv. Pontoppidan og den prestekrypande skulemeistaren lærar dei, kva dei skal tenkja der og svara paa der, og fell det eingong i livet (paa skulen fell det ikkje) eit spursmaal, som ikkje hev plent same ordlaaten, so stend dei fast. Pontoppidan, presten og prestekryparen, dei gjer ikkje anna heile hurven enn det, det er sagt um nokre ville folkeslag; dei trugar borni sine hausar inn i same formi, inn i ei slags tvangstrøye, som hindrar den naturlege Voksteren. Det er eit folk av tronghausar prestarne treng. ”Kyrkja vakar truleg yver kunskapens faarlege tre og hev allstødt med all si magt freista aa halda ”menneskje burte fraa dets frukter”, segjer ein amerikansk forfattar.

Men eg tullar meg nok burt fraa møtet. Det var daa ikkje berre bakstrævar-røyster aa høyra. Mange karar t. d. Haugen, Aarrestad, Davidsen (lækpreikar) og klokkar Pedersen, den kulten, som vaagad aa heisa reint flag midt fyr nasen paa kongen og storkararne og den galne herkemugen under herøvingarne i Sande, og mange fleire forsvarad logforslaget og hadde i det heile yvertaket i Ordskiftet.

Men presteslenget vann ved avrøystingi, dei var dei laakaste, men dei fleste. V. d. Lippe sitt forslag – eit aalment utsetjingsforslag vart vedteket.

* * *

Dei hev den baktanken prestarne, at kjem ikkje logforslaget fram paa dette tinget, kjem det ikkje paa lengje. Og det kann nok so hende. Men fær ikkje tinget eingong gjennom denne logi iaar, so veit ikkje eg, kva dei hev fenget fram. Denne hjonskapslogi einaste kanskje, men er ho – slik ho endeleg vart vedteki – verdt alle pengarne, dei hev kjeklat burt?

Denne skulelogi er no arbeidd paa i fleire aar, vedteki av sjølve Gustaf og dei tri i Stokholm og vællikad av alle utan av bakstrævarprestar.

So fær ogso tinget no segja det siste ordet i laget, det stend daa ikkje under formyndarskap av prestar, veit eg.

Nils Kjær.