Sakførarkloi

er lang ho, sa ein mann ein gong, han laut ut med 1000 kronur til sakføraren, fordi han var godtruen. Og det er sant.

Men undarlegt er det, at folk ikkje ein gong kann læra aa passa seg. Naar ein mann kjem i ein vanske, so er han so snar aa gaa til sakføraren for aa raadføra seg. Daa skal inkje vondt staa paa, meinar han. Han gløymer, kor mang ein gong dei karanne tek folk um nasi, og narra folk til aa leggja sak upp, um dei hev aldri so stor urett. For sakføraren hev sitt visst han, kor det gjeng.

No er det helder ikkje rett aa gjeva etter i ei sak, naar ein er viss paa aa ha rett. Men alle burde freista kome tilliks utan sakførsel, og leet ikkje det seg gjera, so burde folk iminsto granska sakjerne sine so vel som raad var til, fyrr dei gjek til sakføraren. Mang ei krone kunne daa sparast.

Ei lovsamling burde kvar nokonlunde upplyst mann hava. Loverne er ikkje altid so greide aa skyna; men i flestalle høvi vilde dei vera til god hjelp.

(Vestmannen.)