Et Samliv

Forteljing av Jonas Lie.

Det er ikkje so rett lenge, sidan Folk tok til for Aalvor aa krevja det, at Kjærleiken skal vera Grunnlaget for Ægteskapet. Men at den Kjærleiken skal kunne vara heile Livet, er det nok ikkje mange, som trur paa. Vituge Folk rister paa Hovudet til slike Draumar, og meiner at rette Kjærleiken maa nok slutta, naar nokre Aar er lidne – ein kan vera glad til, um han varer so lenge. Sidan er det Pligterne, som byrjar og som er det einaste, som held ihop.

 

Jonas Lie er so vaagsam, so han krev, at Kjærleiken skal vara gjenem heile Samlivet.

 

I denne siste Boki si tek han for seg eit Ægteskap og visar Grunnarne til, at Kjærleiken ikkje varad. Skuldi ligg paa baae Sidur, men mest paa Mannen, som ikkje vilde føra Kona inn i sine eigne Syslur, men stengde seg inne med sine Kontorforretningar, so ho fekk ikkje dela anten hans Voner elder hans Otte. Han fylgjer oss gjennom heile Samlivet deire, og endaa det er berre Kvardagshendingar han fortel, er det slikt Liv i Boki, at du fylgjer til Endes med spent Interesse. Han veit, at Kvardagslivet ikkje er prosaisk og turt Jonas Lie, og han lærer oss, at naar det vert turt, so er et berre vaar eigi Skuld, som ikkje veit aa njota det.

 

Det lyser slik ei Livsvon utor denne Boki; endaa Samlivet var ikkje rett ljost, so ser me at Lykka likevæl aldri var langt burte nokon Gong, og at ho jamvæl mot Slutten kunne finnast att. Tru det ikkje kann vera so med mangt eit Ægteskap, dei ein trur Kjærleiken er spild?

 

Ægtefolk burde lesa denne Boki høgt for kvarandre; mange kan spegla sitt eiget Samliv i ho.

 

 


Frå Fedraheimen 13.1.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum