Kva er det me treng?

Kva er det me treng, for at Maalsaki skal vinna fram paa snøggaste Maaten?

Gunnar Rysstad raar til, at Maalmennerne skal ”organisera” seg fastare, ”skipa ein sterk Fylking av eldhugad, truande og utrøytelege Arbeidarar for Saki”, smaa Maalsamlag for kvar Bygd og so eit Yverstyre for heile Landet. Altso same Tanken, som Statsrevisor Berner førde fram for nokre Aar sidan, men som han ikkje magtad aa faa Liv i.

Maalsamlag i kvar Bygd, ja i kvar Grend, det trur me nok vilde gjera god Nytte. Dei vilde kunna kjøpa alle Bøker og Blad, som kom ut paa Maalet, halda Upplesningar for Bygdefolk av det beste og hava fullstendig Boksamling for Lagsfolki sine. Dei kann læra seg upp sjølve til aa skriva og tala godt Maal anten ved eigne elder leigde Krefter, og dei kann arbeida paa Bygdefolket allvist ved alle Val, so dei fær støe Maalmenner inn i Heradstyret, Skulestyret, Fylkjesting og Storting.

Me trur soleis, at slike smaae Samlag, og daa helst eit for kvar Skulegrend, vilde gjera stor Nytte.

Eit Yverstyre til Samling af slike smaae Samlag trur me ikkje vilde faa Høve til aa gjera so mykje. Det var daa einast til aa taka imot ymse Vedtak, som vart gjorde i mindre Samlag, rekna ut kva Fleirtalsviljen hjaa alle desse Smaalag til saman var, naar det galt vigtuge Spursmaal, senda ut Sendebrev um Saker til Forhandling o. s. fr. og halda større Maalmansmøte.

Det kom seg daa an paa, um det vart so mange vigtuge Spursmaal, som trengde slik Avrøysting av alle Maalvener. Me veit ikkje av mange slike; det er berre eit slikt Storspursmaal, som staar for Døri, og det er Spursmaalet um Lemping paa Skrivemaaten, um me skal skriva Talemaalet elder halda eit serskilt Skriftmaal. Men til aa umhandla det kunne kanskje eit fritt Maalmansmøte vera likeso tenlegt. Og elles er det fleire Ting det kjem seg an paa der ogso – fyrst aa fremst daa, kva dei, som mest skriv i Blad og Bok, likar best sjølve, kva Form dei finn det lettast aa skriva i og ordfella sine Tankar. Dette Spursmaalet er enno ikkje ferdugt til Fleirtalsavgjering med bindande Krav for alle. Kvar fær lempa paa Skrivemaaten, som han vil, til dess det lagar seg ein fast Skikk um det vigtugaste.

Me meiner elles, at i dette Stykkje treng me faa noko gjort, skal Maalet vaart faa sitt rette Velde. Me maa læra oss til aa skriva, so Folk forstaar, at det er det livande Talemaalet i Bygd og By, som me brukar, og at det ikkje er noko Bakstræv, me fær med. Difor maa me plukka ut alle slike Stokkar, som berre er reist upp til aa faa Vyrding og Godkjenning av dei Lærde, men som er Støytesteinar for Aalmugen. Me maa reinska ut alle Fornleivur elder Antikvitetar utor Former og Bokstaving og skriva so endefram etter det Fleirtalet talar, som det er Raad.

Dette erein  Ting.

Ein annan  Ting, som er like so trengjande, er det, at naar me skriv i Blad elder Bok, me daa ikkje skriv, fordi me berre vil syna fram Maalet, men fordi me verkeleg hev noko aa skriva um. Elles fær me Ordet for aa vera nokre Sprettar og Sprøytar, som berre er til Stas og Utstelling og til ingen Nytte for Livet. Lat oss fyrst og fremst sjaa til aa faa ut Skrifter paa Norsk, som er til Nytte og Lærdom og gjev nye Tankar. Det er fyrst naar me vinn i Tevlingi med Dansken i den Ting aa forma gode Tankar elder skildra verkelegt Lik i originale Diktarverk, at me gjer oss fortent til Kongsretten i Landet.

Me maa setjaMagt  bak Retten”, segjer Gunnar, Ja, men berre ei Slag Magt, nemlegAandsmagt.

Me bergar oss godt foruta fleire Lovar. Det som trengst er, at me set oss i Spissen for Tidi og gjev Form for dei sprettande Tankar og grip inn i Livet og ikkje held oss burte fraa dei store brennande Spursmaal, som so mange Maalmenner vil – daa skal De nok sjaa, at me fær Folket anna Slag med oss.

Vil Det Norske Samlaget faa rett Trivnad, bør det merka seg desse Ordi og aldri gjeva ut Bøker, berre for Maalet si Skuld, men fyrst og fremst gjeva godt Innhald, gjeva ut slike Bøker, som Folk maa lesa, anten dei er Maalmenner elder ikkje. I den Vegen hev Arne Garborg gjort fyrste Taket; Samlaget bør sjaa til aa koma etter. Styret sjølv kan standa upartisk i Striden, berre det er Bøker med tankevekkjande Innhald i god norsk Maalbunad dei gjev, daa vil ingen spyrja ettermeir.

So nokre Ord um Professor  Moe, som Gunnar klandrar for, at han ”hev seg høge Dagar”. Moe fekk Professorposten paa dei Vilkor, at han skulde faa seg 1-2 Aar til Studeringar, fyrr han for Aalvor byrjad. No i Haust var han tenkt paa leggja i Veg med Fyrelesningar, men daa vart han sjuk, so Doktoren forbaud ’n aa arbeida for det fyrste.

 

 

 

Frå Fedraheimen 13.1.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum