Litle Eirik og Grisen.

(Framhald).

Der var endaa Bringeber i mengdevis borte i Riset, han hadde Hesten sin og Kniven og Daasen og alt. Han prøvde aa taka fat med desse Ting att; men han sluttad snart og saag paa det alt med eit surt Andlit.

 

Der var eit vidt Utsyn paa Steinen, der han sat. Han kunne sjaa oppetter Bøarne og Lidarne og Fjelli, og han kunne sjaa innyver aat Haugarne og Bakkarne langt inne paa Bøarne. Der var blenkjande raudnande Solskin der inne, medan Løda tok til aa kasta Skugge yver Steinen, her han sat. Han hadde aldri i sitt Liv set, at der var so fagert der inne som no. Han viste at der var Bringeber aa finna i Røysarne langt fleire enn her. Og so alle Nøterne og Tyteberi, der var aa finna! Han totte, han saag, kor Beri raudnad i ein Solbakke innanfor Bøgjerdet. Der inne var kanskje Gjætarguten med Sauderne og. Den som berre kunne koma ditinn! Var han der, saa kunne han ogso ganga ut uppe under Urderne til Folket ute paa Aakeren, elder han kunde ganga ned til Grannegarden til Gutarne der. Det eine var meir freistande fagert enn det andre, til lengre han saag paa det og tenkte paa det. Han totte sistpaa, han høyrde Smaagutarne nede paa Grannegarden ropa og hauka, og Graaten trengde seg oppetter Halsen hans.

 

Det var som visnat for Augo hans alt her paa Steinen etter dette. Der var ikkje det mindste Moro i nokon Ting, solenge Grisen gjekk der og snufsad rundt Steinen og gliste up til han. Og her skulde han kanskje maatte sitja paa Straff att til i Kveld, medan alle andre hadde det fritt og morosamt. Alt til i Kveld det var ikkje til aa halda ut. Han slengde seg ned paa Mosen og stridgreet, han sparkad med Føterne og grov med Fingrarne og herkad seg so i Augo med moldutte og skitne Nevar, so han vart svart som ein Kolbrennar.

  

Daa høyrde han noko tusla borte ved Løda. Han saag upp – han stansad Graaten med eit Rykk og heldt Anden. Grisen, det var den, som var komen alt derburt! No stakk han Trynet bortum Novi paa Løda.

  

Augo aat Eirik tok til aa laupa rundt etter Utveg. Imillom Steinen, han var paa og Solskinshaugarne og Bakkarne der inne laag Storaakeren fraa Ende til annan, full med Kornstaur. Staurarne stod so tett, so tett som ein svær Skog. Kunne han berre koma inn millom dei, so skulde det vera snart gjort aa gøyma seg, so Grisen aldri saag han meir. Og tett innanfor Aakeren byrjad Haugarne med tette Bjørkerunnar, som det var likeso lett aa gøyma seg millom.

 

Ja, dette var sikkert og tydelegt nok altsaman; men korleis skulde han koma usedd ned av Steinen og yver den litle opne Flata burt aat Aakeren? Det var Knipetaket; men det kunne vera snart gjort det ogso, berre Grisen no vilde ganga heilt burtum Løda. Eirik stod som paa Naaler. No hadde Beistet stunget heile Hovudet bortum Novi. No var berre Bakenden synleg… no stakk berre den krullutte Rova fram! Hjartat aat Guten bankad, han andad snaudt. Han hengde Trehesten paa Ryggen etter Bandet rundt Halsen, han puttad Daasen og Fellekniven i Lumma og stod ferdig... Endaa stakk likevæl Krullrova fram derburte, og soleis vart ho standande lengje og lenger enn lengje. Eirik fikk sistpaa Hug til aa banna paa denne Krullrova; men so tenkte han med seg sjølv, at med den kunde daa vel Udyret aldri i Verdi sjaa noko, og so steig han ljodlaust ned paa baksida af Steinen. I Skjol av den kunne han paa ei ørliti Stund springa burt aat Aakerreini og so vera fri til aa ganga kor i Verdi han vilde”

 

Han kjende seg motig og sterk – avstad som ei Pil og foor snart inn millom fyrste Kornstaurarne…

 

Litt støkt saag han seg ikring. Staurarne stod slett ikkje so tett her ved Aarerreini, som det hadde sett ut til, daa han sat paa Steinen; men litt lenger, burte tjuknad dei som ein Furuskog. Han gjorde eit Tversprang for aa koma i sikkert Skjol derburte. Snart var han der ogso – men daa han skulde til aa sjaa, so stod Staurarne kanskje endaa meir spreidde her, og det som verre var: like bak han opnad der seg eit Gap millom dei, so han kunne sjaa like burt aat Aakerreini og aat Novi paa Løda. Og han saag meir enn Novi. Han saag Griserumpa, som stakk fram som fyrr... han saag heile Bakenden av Grisen. Han beit Tennerne saman og sprang burtum dei fyrste Staurarne. Daa kikkad han bak seg att; men i staden for aa vera komen burt fraa det uhyggjelege Synet, var han komen fram for ein onnor Opning, og no var Grisen komen heilt framfor Novi att og stod, som um han lydde etter. Der gjekk ein vond Styng av Rædsla gjennom Guten, og han sette paa Spranget innetter, utan aa taka seg i vare for aa sparka i Steinarne elder renna burt i Staurarne, so det tuslad. – Dette høyrde nok Grisen; for Eirik høyrde med eit det gruffad, eit av desse skræmelege Gruff, han kjende so væl, og med det same augnad han ein Skimt av Grisen i pilande Fart innyver aat Aakeren. Sveitten piplad fram yver heile Kroppen hans, han fekk Skjelving i Knei og hadde sonære snaavat ikoll i ein liten Stein. Framfor seg saag han svære Tjukningar av Kornstaurar, og han var sikker paa, at han snart skulde vera i Skjol; men daa han kom inn millom dei, løyste dei seg upp til einstaka Staurar med fæle Opningar imillom.

 

Kva var slikt? Støkken greip han verre og verre. No høyrde han Gruff etter Gruff ute paa Aakeren bak seg. Stundom saag han Skimtar av Grisen, stundom saag han berre, at Staurarne riste, der den rende fram og beit i Kornet, men fyrr han viste Ordet av, stakk Trynet og dei glisande augo aat Udyret fram i eit nytt Gap att. Han kjende seg halvt sprengd, Vatnet sprang fram i Augo, og han vilde til aa skrika. 


Nei, han heldt seg – han maatte halda ut endaa ei Stund, Han var just komen fram i ei større Opning rundt ein bergknaus midt i Aakeren – daa augnad han Berging. Han hadde sett feil, daa han stod paa Steinen. Det var fyrst inne paa den andre Kanten av Aakeren, at Staurarne stod so tett; men der stod dei ogso so tett; at det maatte vera berre so vidt ein kunne smjuga imillom dei. Kunne han berre koma der! Han sprang og pustad som ein Belg og gjorde braae Tversvingar.

 

Paa denne maaten fekk han verkeleg eit Fyresprang fyre Grisen. Han hadde paa ei heil Stund ikkje set ’n; men han høyrde ’n endaa; han høyrde, at han fylgde. Og endaa var Opningarne millom Staurarne for store. Endaa var han ikkje so trygg, at han vaagad aa stansa og draga Anden; han traavad videre. Daa stoppad han med eit upp – han stirde framfor seg med uppsilde Augo og var paa nytt Lag nær ved aa setja ut eit Skrik av Rædsla. Han var komen til Enden paa Aakeren, og so stod Staurarne likeso langt fraa einannan her som ute i den andre Enden. Og innanfor Aakeren byrjad der ikkje tett Bjørkeskog, som det hadde set ut til fraa Steinen. Der var opne Bøar med ei Bjørk her og ei der, og Solskinshaugarne der inne var mest likeso langt burte no som fraa Steinen. Her var ikkje den mindste Von um aa finna nokon Utveg elder nokor Gøymsle, og Grisen gruffad nærare og nærare. Han viste sistpaa ikkje anna aa gjera enn aa gøyma seg skjelvande bak den Stauren, han stod attved.


(Sluttar).

 

 


Frå Fedraheimen 13.1.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum