Sluggesi – fire Samlag – Svartpolitikk – Bruken af Joli.

(Villfarande Bonn. Fraa den sutfulle Faren).

 Folk trur vanleg, at ein Baldstyrar hev ikkje Hjartelag; han er det kaldaste og hardaste Menneskje, som tenkjast kann, fri for slike Kjenslur, som elles pryder Menneskjelivet.

 

At dette likevæl ikkje er Tilfellet, vil Lesaren læra av dette Stykkje, som visar, at ein Bladstyrar ogso hev Farhjarta, er glad, naar det gjeng Bonni væl og syter, naar det gjeng dei ille, og naar dei vanskipar seg.

 

Eg skal fortelja det, at halve Joli vart forskiplad for meg av Sorg yver mine villfarande Bonn.

 

Elder vilde kanskje du, kjære Lesar, standa ved Farskapen til slike Bonn som Slugesi og Svartpolitikk?Elder vilde du synast, du foor aat fint, naar du kom inn i eit framandt Hus og heldt ei fager Jolepreike, um du, fyrr du hadde sagt Amen, bad um aa faa ein Dram og eit Stykkje Jolekake i det Huset?

 

Vilde ikkje ditt Andlit raudna av Blygsle og din Rygg verta vaat av Kaldsveite, so at du, fyrr Ordi var sagde tilendes, kunne ynskje deg gøymd under ei Luddegran langt uppi Skogen mykje helder enn aa standa i den upplyste Stoga midt for alle Folkeaugo.

 

Ja slike Kjenslur umlag kom yver meg, daa eg fekk sjaa No. 51 av Fedraheimen, der eg hadde haldet ein aalvorelg Joletale um Kristendomen, og so kjem det som eit Amen, etter ei Uppmaning til Lesaren um aa tenkja yver det, eg hev skrivet, fylgjande:

 

Bruk Joli væl! 10 Kr. er Kvartalsbetaling for 16, 5 kr. for 7 Tingarar.”

 

Ein maatte væl leita igjenom heile Hauganne av dei verste amerikanske Reklamebladi, tenkjer eg, skulde ein finna Maken til slikt. Um det var halve Tusindet, som sagde upp Fedrah. for dette, skulde det ikkje undra meg.

 

Saki var den, at i siste Liten fyre Jol fann eg ut, at eg burde gjera det lettare for Vener av Bladet aa samla Tingarar ogso berre for eit Kvartal, og so sende eg Lysning um det gjennom Telegrafen, so det skulde koma inn i Jolebladet. Men so hev det i Kristiania komet inn paa den Plassen i Bladet, der det nettupp høvde aller mindst.

 

At dei hev gjort Sparepolitikkum til Svartpolitikk, frie Samlag til fire Samlag, Sluggen  til Slugesi, det er altihop berre Smaagutar, imot denne eine store Jolebukken, som maatte faa alle fromme Folk til aa korsa seg yver Fedraheimensvillfarande Bonn.

 

Eg skal gjæta dei sjølv som ein Smed heretter.

 

 

Plakaten, De fekk med No1, lyt De slaa upp paa Veggen i Krambuder og paa Stader, der det kjem mykje Folk.

 

 


Frå Fedraheimen 13.1.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum