Statsminister Sverdrup, Amtsvinstreforeiningsmøti

Statsminister Sverdrup skal jamleg skriva Løynde-brev aat Kongen, som dei hine Statsraadanne ikkje veit um, fortel Dagbl.

 Det same Bladet fortel, at Johan Sverdrup i 1886 trugad  Kyrkjelovsforslaget inn i Trontalen. Og i 1887 sagde Blix, at kom Forslaget daa, vilde det vera ”et Splittelsens Tegn blant dem, som burde staa enige”. Han fekk fleire med seg paa dette. Men daa tok Statsminsiteren Ordet og sagde:

Blir ikke Sagen foredraget af Hr. Blix og Forslaget fremsat for Stortinget, blir ikke jeg en Dag længer i Raadet.”

Det er nok likt til, at det er Johan Sverdrup, som fyrst lyt ut av Raadet. – Laake Kara elles Blix og dei andre, som berre let seg aga av Sverdrup og bruka av han imot det dei sjølve meiner.

Paa den Maaten fær me ikkje nokor god Regjering.

Amtsvinstreforeiningsmøti  var ikkje fullgode anten i Hordafylkje(S. B. A.) elder Aust-Uppland(Hedem. A.). Austegderne(Nedenæs) var dei likaste, der det var minst aa venta.

Folk vasar so mykje um Regjeringi, at dei gløymer, at det er Stortinget, som hev meste Andsvaret og meste Skuldi for, at det er so laakt med Politikken, som det er.

Det er liksom berre Regjeringi, som skal hava Andsvar, Folk og Ting skal vera aatallause (dadelfrie). Men er daa slikt Folkestyre?

 


Frå Fedraheimen 13.1.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum