Ymist. Bønefolket.

Det er rart med Bønefolket.

Det var eingong nokre sette framfyre ein Mann eit Grautefat, daa sa han: ”det var Sjæleføde det”. So er det med Bønefolket og; naar dei høyrer ei Skrøne, ei regtig drjug ei: slik som at han Ingersoll er umvend, elder at der ein Stad hev voret set eit Syn, som tyder, at ”Verdens Ende er nær”, daa fer dei inkje Umansferd for Sjæleføde.

 

Dei ber seg, so du kan tru, dei er no berre Englar dei, som skal fara upp til Himmerikjet og vera der aaleine. Kann hende dei trur rett, men det er no noko løglegt likevæl; fyrst, av di Gud vil, at alle skal koma til han, so av di dei trur so væl um seg sjølve, og bed so: ”Jeg takker dig Gud, at din Naade ikke har været spildt paa mig”. Var det inkje so Farisæaren bad? og var det inkje um han Jesus sa, at han ikkje gjekk retferdigjord til sitt Hus? at ei slik Bøn kjem fraa ein, som trur seg betre end andre, det er godt aa skyne.

 

Og so likesytne dei er um Politikk desse Folki, eg trur Mestedelen av dei er likesytne, um me fekk Einevaldskonge, so er det iallfall her i Volda, me hev rukket attum Tidi vaar, og det syner seg no. Me hev faatt oss eit litet Maablad, heiter ”Vestmannen”. Dette Bladet vil dei no tillivs. Dei veit ikkje, kor dei skal faa tyna det. Dette Bladet er so skuldlaust, som noko Blad kan vera, kva Trui vedkjem; men ”det er Maalblad”.

 

Men so hev me faatt oss eit anna Blad, som fortel os, at Katolikanne er Fritenkjarar, og at Vitenskapen Gong etter Gong hev spaatt, at Verdi skulde gaa ikoll, og meir slikt. Men dette Bladet likar Bønefolkjet vaart ovlega godt.

 

Volda, 27. 12. 87.

 

Med Vyrdnad

H. Pirr.

 

 


Frå Fedraheimen 13.1.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum