Ymist.

Grong Skulekomisjon hev vedteket aa kjøpa 6 Eksemplar av Hægstad og Bachs Lesebok i Landsmaalet og gjeva Læraranne.

Underlegt Stell, at ein ikkje skal faa gifta seg med kven ein vil helder. Vanlegt Folk er det elles ikkje so leit for, verst er det med Kongssønerne, for dei fær slett ikkje gifta seg dei, um dei elskar, og vert elska og hev Raa til det aldri so mykje – naar det daa ikkje nettupp høver til med ei Kongsdotter, og det er væl sjeldan slikt raakar. Naar slike Folk gifter seg, er det væl sjeldan det er rett Kjærleik, det gjeng etter, og naar dei huglegg andre, so vert det anten svarte Suti, elder so maa dei ”smaagifta seg” paa eigi Haand. Hu for umoralsk Greide.

 

Fullt so leidt veit me, at det ikkje er for vanlegt Folk, endaa det kann vera leit nok for dei og, det fær nok ein Hallingdøl kjenna; han fekk ikkje etter norsk Lov, han, gifta seg med ei Gjente, fordi han hadde voret Styfaren hennar eit Bil. So reiste han til Amerika, der fekk han Løyve til aa taka ho, kom so heim att som gift Mann, men no vil dei taka ’n her. Underlegt Stell, at ein her i Landet ikkje skal faa gifta seg med den ein vil, naar det daa ikkje nett er med Foreldre, Bonn elder Systkjen, soleis som Adamssønerne gjorde.

  

Umoralsk Stell!

 

 


Frå Fedraheimen 13.1.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum