Det nye Skulelovforslaget.

 

II

  

Me vil ha fri Skule, ja, heilt ut. Me vil fyrst løysa Ungdomsskulen og Vaksneskulen og dei ”lærde Skular” ifraa Staten, lengst vil me halda paa Baaneskulen. Og det er mange Grunnar, som gjer, at me nok kan draga vonom meir Nytte av den endaa eit Bil, berre det ved Sida var Raad til aa faa Skulehjelp aat slike, som ikkje likad Statsskulen, men vilde hava Friskule.

 

For at Baaneskulen heilt skulde skiljast fraa Staten maatte Folket i det heile vera mykje meir gjenomtrengt av Vyrdnad for Kunnskap og Daning og av Umtanke og sann Kjærleik til Bonni, som ein ikkje endaa kann rekna paa, er Tilfellet all Stad i Landet.

 

Staten bør fyst gjevaFolk dette Grunnlaget, fyrr han reint slepper dei paa Frifot, men han bør hava det Maal i Syne, at han skal so snart som mogelegt gjera seg sjølv overlaus (overflødig). Staten bør syna det, naar han tek paa seg aa vera Folkelærar, at han veit, at den beste Lærnad er ikkje anna enn aa syna den nærmaste Vegen til Sjølvundervisning.

  

Also: Lær fyst Folk aa undervisa seg sjølve, so kann du sidan trygt sleppa Styret av dine Hender, Stat!

 

Skuleforslaget gjer nokre Stig paa denne Vegen, men gjeng ikkje full-langt.

 

Det set upp Tanken um Sjølvstyre i Skulen, men gjenomfører ikkje Tanken.

 

Kva skal de soleis med alle desse Inspektørar? Dei er ikkje nøgde med dei gamle ein Gong, daa det berre var ein i kvart Stift, dei vil hava ein i kvart Amt jamvæl. Kva skal me daa med slikt? Jau det skal vera til Rettleiding og til aa faa Einskap i Skulearbeidet, er det nok Meiningi.

 

Men kva skal me daaden Einskapen?

  

Det er den, me ikkje vil ha noko av. Me vil nettup ha eit rikt vekslande Skuleliv, soleis at kvar Lærar, som hev lite Grand Dugleik og Kjærleik for si Sak, kann leggja seg heilt fram paa sin sereigne Maate.

 

Men so skal desse Inspektøranne koma med si kalde Klo og tygla og uniformera kvar livsrik Rørsle.

 

Nei, ikkje noko av det Slaget, burt med alle Inspektørar!

  

Statsminister Sverdrup sagde i det Framlegget sitt, som gav Støyten til dette Komisjonsforslaget, at Kristendomsundervisningen alt var ”nogenlunde tilfredsstillende”.

  

Difor hev dei helder ikkje gjort noko Brigde her.

 

Og det er ille. For nettupp her var det mykje skulde gjerast.

 

Religionsundervisningen skulde ut av Skulen.

 

Me held paa, at det Stellet, som no er i so Maate, -til- Skade baade for Skulen og Religionen.

  

Religionsundervisningen er det, som tek mest Tid i Skulen, ja er Hovudemnet etter det gamle. Tenk um ein kunne draga inn alle dei Timarne, kor mange Kunnskapar vilde ein ikkje faa Tid til aa vinna, jamvæl utan nokor lengd Skuletid. Skulen kunne faa samla all si Kraft um sine tvo store Emne Naturlære og Historie. Desse tankevekkjande Lære-emne vilde daa faa anna Slag Vegt enn no, daa dei berre er Slengjefag aa kalla millom Religionstimanne, der Prestanne raar med Ordet sitt: du skal ikkje tenkja.

 

Alle maa daa skyna, kor slik Undervisning døyver det heile Skulearbeid, som nettupp skulde ganga ut paa fyrst og fremst aa læra Bonni aa tenkja sjølve.

 

Religionsundervisningen i Statsskulanne er for det andre til lite Gagn for Religionen sjølv og for Kyrkja.

 

Kristendom og Kyrkje krev fyst og fremst av ein Religionslærar, at han sjølv skal vera kristeleg og kyrkjeleg av sitt fulle Hjarta.

 

Vilde væl nokon Maalmann lika, at ein Motstrævar lærde Bonni hans Maalet?

 

So mykje mindre maa Kyrkjeflokken lika, at Bonni deire vert upplærde i Kristendom av Lærarar, som ein ikkje hev den minste Trygd for hev den rette Tru elder ein Gong er kristne i Hjartat.

  

Statsskulen byd ikkje nokor slik Trygd.

 

Tvert imot, so mange Skulelærarar er Fritenkjarar, faae hev den same Trui som Kyrkja, mange er helder ikkje kristne anna enn av Namn.

 

Og til slike skulde Kyrkja tru Bonni sine! Daa er det nok lite Andsvar, liten Eld og Glo hjaa dei kristne her i Landet.

 

Nei, skal det koma noko utav Religionsundervisningen, so maa nok Kyrkja sjølv driva den. Og vart berre Religionen skild utor Statsskueln, so vilde nok alle Kristne kjenna Andsvar paa seg, det vilde leggjast Arbeid og Kjærleik til, og Landet vilde faa betre Religionsskular, enn det noko Sinn hev havt.

 

Me vilde hava Religionen burt som serlegt Fag i Skulen. Men me vilde ha mykje Religionshistorie likevæl, heile Bibelsoga og mykje meir um Jesu Liv og Lære  enn no er. Alt dette fekk Plass i Historietimanne.

  

Ein annan Ting, som me ikkje kann skyna Skulekommisjonen i.

 

Kva vil dei med Prestanne og Bispanne som sjølvskrivne Medlemer i Skulestyre og Yverstyre?

 

Hev daa dei endeleg gjort seg so fortente av Upplysningsarbeidet? Ja er det nokon slik, som er Upplysningsven, so kann du vera stø paa, at han vart nok vald, sjølv um det ikkje stod i Loven.

 

Men no skal me daa vera nøydde til aa dragast med alle Udygdur og Meinkrekse i Skulestyret, berre fordi dei hev ein kvit Stivkrage um Halsen elder ein Gullkros paa Bringa.

 

Nei slikt er ikkje folkelegt Stell, Karar! Slikt maa burt!

 

Og kvifor skal det endeleg vera Kongen, som skal godkjenna Religionslærebøkenne? Skulestyret skulde me daa tru var fullgodt til det.

 

I dette Lovforslaget ser De, at det er mykje Tufs, men det finst daa ymist godt og mange gode Tilsprang, endaa lite er heilstøypt, ein merkar, at Komisjonen hev voret ihopsett av ymse Slaget.

 

Me trur no ikkje, at Johan Sverdrup vilde verta so glad i alt i Framlegget, dersom han er same Karen no som i 1884, noko, som elles ingen kann vita, for den Karen gjer mangein Sveiv paa 4 Aar.

 

Men i 1884 skreiv Sverdrup i Framlegget sitt, at ”en norsk Regjering umulig kan være med paa at give Byfolket et Forsprang fremfor Landsfolket paa Folkeoplysningens Omraade”. Men det hev Komisjonen gjort, den hev gjevet Landet  berre halv Skuletid imot Byanne, venteleg fordi Bonden ikkje hev Raad til aa vera so upplyst som i Byen. Og so berre dytter dei denne nasjonale Skammi under Stolen.

 

 


Frå Fedraheimen 20.1.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum