Greidt Program

Greidt Program hev 18 franske Tingmenner sett upp. Dei stod millom yste Vinstre, men hev no paa ein Maate skilt seg ut.

 Dei vil ha:

 

1. Fridom for Einskildmannen (individuell Fridom) og Sjølvstyre i Bygd og Fylkje.

2. Folkesamlag riksimillom (internasjonalt Samlag).

3. Voldgiftsrettar elder Fredsnemnder til Avgjering av all Strid baade mannamillom og folkemillom.

4. Heren skal litt um Senn lagast um til eit Folkevern.

5. Straff paa Livet skal takast burt.

6. Trygd for Folkestyret ved betre Skipnad av Røysteretten for alle. Grunnlovsforandringar skal Folket sjølv avgjera beintfram. Løn til alle offentlege Embætte.

7. Kvinna skal verta frigjord litt um Senn. Like Rett for alle Bonn, anten dei er fødde i elder utanfor Ægteskap.

8. Fri og samfelles Lærnad i konfesjonslause Statsskular.

9. Kyrkja reint skild fraa Statens Stell, ingi Statshjelp aat ho.

10. Full Fridom til aa tenkja, skriva, samlast, streika og skipa Samlag.

11. Inndraging av alle Serrettar under Staten.

12. Staten bør litt um Senn slaa til seg alle Eigendomar.

13. Umbøter i Skattevegen: burt med all krokvegjes Skattlegging. Innføring av stigande Skatt pa Inntekterne. Burt med Arverett for Sidelinur,

14. Staten byggjer Baanefostringshus, hjelper dei gamle og sjuke, dei, som hev komet ut for Ulykkur o. s. fr.

 

Lat oss sjaa, at nokre norske Stortingsmenner ogso snart vaagar aa visa eit slikt radikalt Program. Kvifor skal me altid berre lata Utlendingen faa det fyrste Ordet, naar det gjeld noko nytt? Kann me ikkje tenka sjølve ogso, Kvifor skal me drygja med dei nye Tankarne, til dest at Franskmannen og Engelsmannen alt hev slitet dei ut?

 

Lat oss ogso vera med i fyrste Rekkja. Daa sparar me au baade Tid og Pengar.

 

 


Frå Fedraheimen 20.1.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum