Kolbottenbrev.

(Ettertrykk forbodet).

(Framhald).

Du hev høyrt gjetet, at eg er gift, ser eg. Ja; det var og eit Paafund! Men det var det, ser du, at naar eg skulde ha Gard, maatte eg ha Kjering, og so snakkad eg med ho Hulda um det. Ho var ikkje noko vidare um det i Fyrstningi; men so lokkad eg for henne og kjytte og smaalaug, og tilslutt nemnde eg Sjapa. ”Du fær ikkje anna aa gjera ann aa passa ho Sjapa”. Det maatte hjelpa, det visste eg; for slik som desse Gjenturne foor og flaug etter Sjapa der inne, so var der ikkje Meining i det. Og so snart Sjapa var nemnd, saag eg strakst, at ho Hulda tok til aa tenkja paa Tingen. ”Mja –”, sa ho og drog fælt paa det, - ”du segjer kanskje noko lell du!” ”Men fyrst maatte eg vita, kva du kann!” sa eg; eg vart kry no, ser du, daa eg forstod, at eg hadde Gjentelykke. ”Ja det kann du altid faa vita,” svarad ho; ”eg kann faa fjortan Kjøtkakur av den Deigen, andre berre fær sju av.” ”Kann du det?” spurde eg. ”Ja det kann eg,” svarad ho. ”Ja daa ser eg, at du høver aat meg,” svarad eg; ”det var just slik ei Kjering eg skulde ha, eg. Det kunne falla seg fælt godt, det, mang ein Gong upp i Kolbotten . . . ja der er Mat nok, veit du; det er ikkje det! det hev aldri vantat Mat i Kolbotten. Men likevel, ser du -. Ja slær du til, du! – ”Eg frys vel i hel der uppi?” spurde ho. ”Nei, du skal faa døy av gode Dagar,” kjytte eg; ”og hellest skal Dauden ei Orsak ha.” ”Ja det var eit sant Ord,” svarad ho; og so gjekk me til Byfuten.

 

Du kann vita eg unte ikkje Presten ein Skilling eg, og ikkje ho helder, for den Skuld.

  

Men daa eg so ein Dag her uppe bad henne laga fjortan Kjøtkakur av Deigen til sju

 

Aa me dumme, dumme Mannfolk!¹)

 

Men Sjapa passar ho, det skal vera visst. Det er ikkje anna enn Sjapa fraa Morgo til Kveld, og ”Sjap” og ”Sjaperlapp” og alleslags Kjælenamn; og eg er altso ”Kammertjener” hjaa Sjapa, so at dersom du spør etter Herren her i Huset, so er det Sjapa det, so mykje du veit det.

 

Men so er det Bikkje, som der er Gagn i og. Ho er fraa Kautokeino og er meg seld for rein Finnehund; svart er ho, so det glinsar av henne, og kvit paa Snuten er ho, og kvit i Bringa; tri kvite Haar hev ho paa Rumpetippen med, og aldri so lite Kvitskvettar paa Labbarne. Eit Par forlivande blanke Augo hev ho, og eit lite fint Hovud, som stend godt paa Halsstubben; men i den andre Enden er ho noko tung, so ho er ikkje ulik ein liten Bjørn, naar ein ser henne fraa Sida.

 

Ho hev ikkje store Krav; men det er ein Ting ho maa hava, og det er Maten. Den fær ho ikkje for mykje av nokon Gong, det eg trur. Men so er ho gild med det, at ho ét alle Slag. Potetskrell, Fiskebein, Filtskor, gamle Brøker, ”Vredens Gang”, Fuglevengjer, Skinnfeldar, Granved, Hestelort og utruleg mykje anna gneg ho i seg, so det knaskar etter, og kann ho faa seg ’ti ein Fløtevaffel, elder eit Stykkje Rype med Sauce, elder ein Kopp Kaffi med ein Sukkerbit, so segjer ho ikkje nei til det helder. Det eineste, ho ikkje bryr seg um, er den Maten, me lagar aat henne, nemleg Vatsgraut; men kva skal ein segja; eg er ikkje noko svært glad i Vatsgraut eg helder.

 

Det er Meiningi, at Sjapa skal vera liksom Vaktmann her paa Garden; serleg skal ho verja oss mod Bjørn og slikt. Ho er noko ung enno; men ho vert nok gamal, og ho øver seg i sitt Kall baade tidleg og seint. Det heng ein Saudfell paa ei Klædesnor ut paa Tunet; den tek ho seg ein Tur og gøyr paa rett som det er, for han ser henne stygg ut den Felden. Litt rædd han er ho og; her i Dagmorgo hengde eg Skinnet inn i Stova eit Bil til Tining; men daa totte Sjapa det vart for utrygt her, og torde ikkje vera inne. Men ho fær nok Mannskap til aa gaa paa Bjørnen, skal me sjaa, det var visst ikkje stort Mod i oss helder, daa me var fjortan Vikur gamle.

 

Det er nok dei, som ser med tvil paa Sjapa, um det heng rett ihop med Ætti hennar og sovoret. Ho hev slikt eit fint, mjukt Skinn, og so er det Øyro, som er for lange, segjer han Per. Men at det er ægte Finne, vil du forstaa, naar du eingong ser henne i Snøfonni. Det er der, ho er heime som Fisken i Vatn. Naar me er i Skogen paa Ski, innbundne i Raggsokkar og Vottar og Sjal og Skjerf, so me sveitar mest i Solglimen, so kann du tru, ho er med! Ho ligg og velt ikring Føterne vaare, so me kann ikkje koma fram, sit bakpaa Skierne elder er i Vegen framme; men ser ho ei Fonn, so kann du tru ho hiver seg ut! dukker under, Far, so ho kjem burt mest, pustar og blæs, ror seg fram, bykser seg fram i smaa lystige Ikornshopp, so ein ser berre den digre Baken dukkande upp og ned, skiftevis med den vesle Nakken. Det er Bad for henne dette visst, opp att kjem ho so kvit som ei Drive. Og Augo straalar som Diamanter, og Nakken reiser seg stolt; paa kvar Tuve og Stein flyg ho upp og held Vakt i Skogen! for her forstend ho det -: det er ho, Sjapa, som hev Andsvaret.

 

Ja; eg er kry no, Far; det er sant det. Tenk Gard og Kjering og Bikkje og alt, - Bikkja til aa smeikja, naar eg er blid, og Kjeringi til aa gryla paa, naar eg er gretten²); kva kann ein gamall Syndar og Bohême ynskja seg meir i denne Verdi?

 

Det er berre ein Ting, eg saknar, og det er ein Hest. Ein liten rund, ørende liten blakk Fjordhest. Ja, og so maatte eg ha so vidt Gard, at eg kunde føda den Hesten, og so er det altid noko leidt, at eg berre er Bygselmann, ja maa finna meg i, at du stundom kallar meg Husmann. Og ei Ku eller tvo skulde eg ha, so Kjeringi kunde ha Mjølk til Huset; og eit par Gjeiter kanskje; og Høns! – og Sauder.

 

Men ikkje Kaninar.

 

Ja, korleis er det me Politiken no, du? Det er liksom so lite i Bladom, tykjer eg; - ja eg segjer ikkje anna enn godt um Fedraheimen. -

Erdet berre Kaninarne, som gneg og grev seg Gangar og passar paa? Og so han stakkars Gamlingen, som sit og tuslar ned i Stiftsgarden og vil vera som ein av dei gamle fine Statsraadarne?

  

B. B. talar um Eingifte og Mangegifte, ser eg; men fær han ikkje reint for mange med seg du? altfor mange av dei rædde? Hadde han aldri so lite aa fara med, som ikkje var plent den same gamle Raadløysa, so vilde dei kalla han Bohême, veit du, og sputta paa han elder prøva aa tigja han ihel; trur du kje det?

 

Og kos er det i Utlandi? Er det so, at det vert Krig, trur du? Du veit eg hatar Krig yver alt. Men tenk, um det eingong kunde gaa so vel, at baade Svinet aat Hunden, og Hunden Svinet! Um dei tvo Trolli, Myrkemagterne, Jotunkallarne, Russen og Preussertysken, kunde slaast so lengje og godt, at Soli rann og dei sprakk baae! -

 

Daa kann du tru, me skulde halda Lag her i Kolbotten!

 

Med Helsing!

 

Arne Garborg.

 

 

P. S. Og ”Øiebliksfotografen”, som er gjengen i Kaninposten.

 

 

¹) Blyantsmerknad i Kanten: ”Ja, du trur han ikkje, Ivar! H.” Setjaren.

²) Blyantsmerknad: ”O de Mænd! H.” Sætjaren.

 

 


Frå Fedraheimen 20.1.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum