Litle Eirik og Grisen.

(Framhald).

So godt han kunne, kraup han innunder Kornbandi, og han hadde nettupp gjort det, daa han høyrde Grisen riva burte i ein av dei næraste Staurarne. Han vaagad ikkje aa kikka fram, um han kom, og torde mest ikkje pusta. No var det daudstilt, som um Grisen stod og lydde, og kor lett kunne Udyret ikkje høyra. Der gjekk brennande Rider av Skjelving gjennom ’n. Han fekk Trong til aa hosta, og paa same Tid tok det til aa svida og verka i alle Lemer av det Kruket, han maatte liggja i. Han var nær ved aa springa fram og skrika ut, anten det so vart til Liv elder til Daude, daa han med eit høyrde Grisen ruska. Han vaagad aa anda att: denne Gongen lyddest Ruskingi eit godt Stykkje lengre burte. No var han vorten so naamen i Beini av aa standa i Kruk, at han lautreisa litt paa seg, og han kikkad med det same fram. Grisen var ikkje lengre burte, enn at han saag Bakenden av ’n burte millom Staurarne, og no fyrst saag han tydelegt, kor fælskleg opet det var ikring ’n og kor usikker Gøymsla var; men paa same Tid gjekk der eit Rykk av Von gjennom han - no augnad han ein Utveg til aa frelsa seg!

 

Han maatte hava set feil elder laupet galen Veg, daa han meinte, det var her, at Staurarne stod so tett. Det var ikkje her det var derburte i den nordre Enden av Aakeren. Han saag det tydelegt, det kunneikkje vera nokor Hildring – Topparne stod so tett som ei Sky! Kunne han berre koma der, aa Gud, kunne han koma der! Sein som ein Snigel drog Grisen seg burt millom Staurarne, og so vart det stilt.

 

Daa drog Eirik Anden, og so snitte han seg avstad paa Tærne __ .

 

Stakkars Gut – han skulde berre vist, at Grisen just stod og gliste med runde Augo og lydde etter han! Daa skulde der ikkje stor Tusling i Halmstubbarne til, fyrr han høyrde det.

 

Og so viste ikkje Eirik Ordet av, fyrr han høyrde eit skræmelegt Gruff att, daa han snaudt var komen eit Steinkast avstad. Han hadde Fyresprang, og han kunne springa betre, etter han hadde pustat ut; men kva gagnad det altsaman, daa der var Trolldom i Aakeren. Han saag snart, at han var narrad – der var ingen tett Skog av Staurar nord i Enden paa Aakeren helder. Daa kom Rædsla rett for Aalvor. Det flimrad for Augo, han fekk ein Styng for Brystet, so han heldt paa aa missa Teven, han vilde mest siga ned av Trøyttleik – og det var just i det Augeblik, daa han mins av alt kunne augna nokor Berging! At han ikkje helder stod roleg bak Stauren, so kunne han daa kanskje sluppet fraa det med Livet! No kunne han ikkje halda seg for aa skrika lenger. Han ylte og ropte paa Mor. Det svarad uppe i Fjelli, og Grisen svarad, men ingen annan, og Udyret opnad alt Gapet for aa bita yver Foten hans._

  

Ingen Ting skulde i dette Augeblik kunnat gjeva Guten Krefter til aa setja paa Spranget att med dubbel Fart utan dette opne Gapet. Med eit Kvin, som no var so kjøvt, at det var berre so vidt det leet i han, fekk han Trehesten slengd ifraa seg og var snart avsyne burte millom Staurarne. Grisen sette ut eit ilt Kvin og stansad litt lavøyrd. Han hadde fenget Trehesten like i Trynet, som var saart etter Ringen, og fyrr han sette paa Spranget att, maatte han snusa paa denne Trehesten og taka den i Kjeften. Eirik fekk soleis paa nytt Lag noko Fyresprang. Han var komen heilutt aat Kanten av Aakeren, just der Flugti hans hadde byrjat, daa han høyrde Grisen etter seg att. Paa nytt Lag saag han den opne, vonlause Engi framfyre seg. Med Daudsens Rædsla i Augo stirde han ikring seg – daa saag han som gjenom ei Skodd, at Staurarne nede i Sudenden av Aakeren, der han endaa aldri hadde voret, stod tettare enn nokon annan Stad. – Kanskje han endaaskulde naatt dit, hadde han nyttat Fyresprange; men han vaagad det ikkje. Han torde ikkje lenger tru sine eigne Augo, der han sto samankropen bak ein Staur-. 

 

Daa var det, at Augo hans fall paa Steinen, han hadde voret paa. Han skimtad Huset, han hadde bygt, og Bringeberbuskerne og den mjuke Mosen, han hadde legjet paa. Synet tok til aa ganga upp og ned for Augo hans, heile Verdi gjekk upp og ned _.

 

Der  var det, han hadde setet for ei Stund sidan, fri og frelst for Gapet aat Grisen. Der  var det, han laag og hemtad Ber og saag ned til Grisen og tirrad ’n. No saag han de kor grenselaust lukkeleg han var, daa han sat der – no, daa det var for seint, no, daa den opne Engi skilde hann fraa Steinen som eit Hav! Men han kunne  ha setet der endaa like sikker og lukkeleg, hadde han berre ikkje voret so utaalig, hadde han berre ikkje voret so tankelaus og set betre etter paa den hildrande Aakeren! Det hadde vist ikkje voret so lengje, fyrr Mori hadde komet heim, tenkte han. Dette fekk han til aa tenkja paa Mori og Faren og allesaman, som ikkje viste, kor vondt han hadde det. Taarerne braut fram, so han ikkje lengre kunne sjaa nokon Ting klaart. Aa Gud, kunne han berre koma burt paa Steinen att – han skulde ikkje klaga, um han laut sitja der til imorgo! Men det var ikkje Tid til aa standa og tenkja seg um. No høyrde han Grisen att, og han kunne koma um nokre Augeblik. Det fekk ganga til Liv elder ikkje: han vaagad Spranget burt mot Steinen.

 

Han var snart so forkavad, at det var som um Brystet vilde sprengjast; men han sprang likevæl. Den fyrste Gongen, han høyrde Grisen gruffa etter seg, slengde han av seg Straahatten sin. For den stansad Grisen litt. Eirik let daa Halsplagget og Kniven og Daasen ganga same Vegen – og so naadde han Steinen! Han klavrad like upp paa Toppen av ’n og slengde seg ned paa Mosen. Han saag Grisen trampa Hol i Straahatten, som han hadde voret so byrg av og so glad i, sidan han fekk ’n for fjortan Dagar sidan. Han saag Udyret riva sund Halsplagget og snusa upp Daasen og taka den i Kjeften, so det knast og brast – denne gilde Daasen, som han hadde voret rædd for som for ein Augnestein! Han saag paa det altsaman med stirande, rolege Augo.

 

Han  sjølv  var frelst fraa Grisen, so fekk det ganga som det kunne med alt det andre. Det var fyrst langt um lengje, han orkad aa reisa seg upp. Daa svalad han seg med Bringeber og pustad ut i lange Drag – aa kor det smakte! og denne Steinen, som han sat so herlegt og trygt paa, hadde han latet seg lokka ned av i dei gruvelegaste Faarar! Han kunne ikkje fata, korleis slikt hadde kunnet ganga til, og han saag innyver den hildrande Storaakeren.

 

Aa Trolldom! No stod Kornstaurarne so tett att yver heile Aakeren, at det saag ut, som um ein kunne stinga seg vek for ein Katt der inne.

 

Eirik! Kor vart det av deg, som skulde koma med Tobakk, din Slarv?” vart der idetsame ropt burte ved Løda. Det var Faren, som kom framfor Novi.

 

Aa Grisen!” ropte Eirik med ynkelegt Mæle ”Grisen? _ er han ute daa? Og kanskje det er du, som hev skriket og skraalat so?” sagde Faren. ”Ja han braut ned Døri og _”byrjad Eirik; men meir fek han ikkje fram. Tanken paa alle dei Faarar, han hadde gjenget igjenom, tok han, so Graaten braut fram att. Han greet, daa Faren lyfte han ned av Steinen, og han greet, etter han var komen inn i Kjøket til Mori, so det var berre med Staming og Hiksting han endeleg kunne fortelja, korleis det heile var gjenget til. Han heldt endaa paa aa hiksta so smaatt, daa han sat i Gruva med ein Kopp varm Kaffi og ei Kake til Trøyst etter Grisestøkken.

 

R. Løland.

 

 


Frå Fedraheimen 20.1.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum