Meinraader

Meinraader er det nok av, men dei gode Raader ser ein sjeldan for mange.

Det er sume, som hev funnet ut det, at Saaret skal gro att, berre Steen og eit Par andre reine kjem inn, Jakob Sverdrup og hans Folk skal faa sitja, det skal støytast ut nokre andre, so vidt det vert Rom aat dei nye.

 

Ei Regjering med Helfti Oftedøler og Helfti ”Reine” jau det skulde verta Greidur. Daa vart det mykje gjort, naar den eine sae ja, sae den andre nei, og so gjekk det den Vegen Høna sparkar med alt i hop.

 

Nei skulde det vera noko Aalvor med aa faa repræsenterat fleire Parti i Regjeringi, so maatte me hava av alle Slag radt ifraa ytste Høgre og til FedraheimensFolk.

 

Slikt kunne vera tenkjelegt, dersom det var so mykje Magt i Stortinget, at det førde Tyglarne og gjorde Regjeringi berre til Kantoristar, so det fyrst og fremst spurtest etter Dugleiken til aa administreraog føra fram det, som Stortinget vilde.

 

Men dette Stortinget, som no er, magter ikkje aa styra, det hev ingen Vilje. Difor treng me endaa ei Regjering, som er samstelt og veit kva ho vil. Anten ei fullrein Regjering elder ei heilt ut oftedølsk; ikkje nokor slik som denne alt er no, haltande paa baae Beinom, so tek i seg att Dagen etter, det ho hev gjevet ut sjølv, utan Mot og Manndom til aa vaaga eit ærlegt Slag.

 

Skulde me no ha dei beste Krefter av baade Oftedøler og Reine i Regjeringi, so vart ho som sagt ein daud Kropp.

 

Og no Stortinget?

 

Det vilde og verta magtstolet.

  

Det vart Høgre, som fekk Vatten paa Kverni si der. For dei kunne reise ein livskraftig Opposisjon, men Vinstre fekk nøgja seg med eit veikt Forsvar for ei veik Regjering.

 

Daa vart det ikkje Tvil um, kvem som kom til aa ”seire i Debatten”.

 

 


Frå Fedraheimen 20.1.1888

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum