Ymist.

Stødt og stendugt høyrer me, at i gamle dagar daa var baade folk og fe so mykje betre enn no for tidi baade i grovleik og storleik og styrkje.

Men dette er ikkje sant. Det engelske storbladet Standard  hadde her ein dagen eit langt stykkje um dette.

 

I det heiter det, at dei burt i Amerika hev mælt i tusenvis av menneskje, og etter desse mælingarne so aukar folk baad i høgde og vidde og styrkje.

Nokre meiner, at menneskja veks ein snaud tume paa eit hundre aar, og grovleiken fylgjer med etter maaten.

 

Dei stridsklædi, som me hev gøymt fraa eldgamle tider, er reint for smaae for aalmenne krigsfolk no. Og dei gamle vikingsverdi vaare er for tronge i handtaket til oss, dei kom til aa gnaga.

 

Og kvifor skulde me gaa attende? Tuslingen vinn daa ikkje yver kjempa. Dei staute store karar hev yvertaket allstad i livet.

  

Det hjelper ikkje, kva dei talar um, at den fysiske magt hev misst sitt Velde, den store og sterke hev enno magti. Skrapet døyr ut og fær anten ikkje noko avkjøme elder det vert berre vesalldom med det.

 

Byfolket tapar og for landsfolket, so dei siste er meir livsføre. I London t. d. er det vondt aa raaka paa ein framifraa kar, som er fødd i sjølve byen; dei fleste store menner er uppalne paa landet. Og i Paris finst det snaut ein mann, som kann segja, at farfar hans var fødd i byen, so fort døyr dei ut, og soleis i alle andre storbyar.

  

Sjukingarne døyr ut, og livsfriske og sterke karar tek romet etter dei. Og naar so alt kjem til alt, so gjeng menneskja fram og ikkje attende, liksovæl her, som paa alle andre leider.

 

 


Frå Fedraheimen 20.1.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum