Ymist.

Prins Oskar er gjæv Gut. No hev han trulovat seg med ei Svenskegjente, som det ikkje skal vera meir Kongsblod i enn i meg og deg; og han vil reisa til England og gifta seg.

Og dermed forbryt han Kongsrett og alt sovoret baade i Noreg og Sverik. Den Guten er verd ei gild Brudlaupsgaave han.

 

Hadde ei vørø Prinsen, saa ha ei lat’ Gjenta faaraa og helder helle me ette Kongsretten da lell”, sae ein Tynnseting.

 

Det er daa godt aa høyra det kann raaka, at ein Prins er vitugare enn ein Bonde au. For det er ikkje med alle Prinsar det høver so til.

 

Skal me hava nokon Konge meir, so var det likast aa faa fat i Oskarguten; berre gjer um Grunnloven litt, Folk! Lat ikkje Svensken koma fyre oss.

  

Ei litl Gjente  i Kjøge i Danmark hev sovi i samfulle 73 Jamdøger. Ho vart matad me Mjolk og Eg og lite Kjøt. Men Livet hekk i ho, og ho kjem seg.

 

 


Frå Fedraheimen 20.1.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum