Bokmelding.

”Ifraa høgderna” heiter ei bok, som er utkomi i komission hjaa Mons Litleré i Bergen.

_ _

Forfattaren til henne heiter Kristofer Forfang, ein ung bondeson fraa Stod ved Steinkjær. Det er den fyrste boki si, han no kjem med. Eg heve lovat honom, at eg skal melda boki, og det er denne lovnaden, eg no vil etterkoma.

Fyrst nokre ord um maalet i henne, daa. Det er bra, at me faa so mange landsmaalsforfattarar som mogelegt; men det er ikkje bra, at me faa mange slike, som ikkje kann bruka landsmaalet nokorlund paa folkevis.

Og det er dette, Kristofer Forfang ikkje kann gjera. Det yr og det kryr med veilor og lyte paa kvar einaste sida i boki hans. Det er ei endelaus mengd med ord, som anten er mistydde, elder ogso brukte i slike former, som ingenstad høyrer heime. Dette kunna me maalmenner ikkje lata ganga upaatalt.

Med umsyn paa innhaldet av boki, so er der ymse ting i henne, som syner, at forfattaren ikkje er evnelaus. Det er fleire friske tankar og skildringar i henne; men det er for liti samanheng og utvikling i henne. Grunnen til dette er vel den, at forfattaren hev for liti sjælkunna til aa magta aa forklaara den indre grunn til det, som hender elder gjeng fyr seg. Iser hev han for litet skyn paa deira meiningar og tenkjemaate, som ikkje nettupp tru og tenkja som han.

Forfattaren er forargad paa vaart stats-kyrkjestell, og det er mest ingen ting i dette, som han ikkje gjer paagong paa i boki si. Daap, pontoppidanspug, konfirmasjon, altergonga, kyrkjevigsla, alt gjenomheklar han, og sumetider er ogso hans kvasse ord raakande; men som oftaste ofsar han. Etter skildringi hans vert prestar, provstar og bispar berre kjeltringar og ukjurer alle saman, og kristenfolket elles er anten hyklarar elder ogso dume og uvitande toskar.

At det kann vera upplyste menner og kvinnor, som meina det ærlegt med sin kristendom, det er nokot, som forfattaren ikkje hev den minste tru paa; iallfal kjem dette ikkje fram i boki nokon stad. Men det er uheldig fyre ein, som vil paatala feil, at han er einsynt og urettferdug.

Og so er der sume ting i boki, som reint ut er griseri, og som ein ikkje kann skyna, kvat dei er sette inn i boki fyr. Iser er dette tilfellet med det hoplaget, som helten i boki, Olav Aarmo, hev med tenest-tausi paa farsgarden hans.

Hylla ved Namsos den 4. 10. 88.

Ludvig Benum.