Ein draum.

(R. Løland).

_ _

(Framhald).

_ _

Den gamle Tenestegjenta vart lengje borte i fjøset og løda, og der var ingen annen ljod aa høyra enn den jamne susingi utanfyr og duringi burte i omnen. Han breide klædi yver seg og lagde seg til rette, trøytt etter den urolege notti. Han prøvde aa lyda etter, um susinga utanfyr lagde seg meir etterkvart; men den kom snart heilt burt for den sterke duringi burte i omnen. Der stod ikkje lengre eldtunger ut; men duringi høgnad og laagnad med vinden utanfyr. Snart durad det djupt og grovt og liksom so langt burte. So steig det med eit upp i det granne syngjande, til det sistpaa gjekk yver i lange, dirrande, skjelvande tonar. Soleis skifte dei i det endelause, og medan han lydde etter desse underlege tonarne, var det som um dei kom lengre og lengre burt og vart fagrare og fagrare . . . . Utan at han sjølv merkte det, var han dreven med av desse tonarne – det var sistpaa, som um han voggad upp og ned med dei.

Det er stundom ein tone elder ein ljom langt burte fær ein til aa gløyma alt ikring seg fyr aa lyda etter. Det er som um tonarne rører ein streng inne i sjæli og vekkjer ein liknande tone der – ein tone, som lengje hev sovet i gløymsla. I denne songen burte i omnen merkte han med eit, at der var noko underleg gamalt kjent som i ein halvgløymd gamall draum, elder ein barnekjend, halvgløymd song. Han hadde høyrt dei fyrr desse tonarne – han hadde leget i sengi som no og vaknad upp av dei, daa det var stilt i stova, daa det var snørok ute, elder daa morgonsoli kikkad inn. Der var lur-ljom i dei, der var fjell-ljom og fløyte-ljom, og han hadde eingong vaknat upp til liv og gleda av slike tonar – men naar var det?

Dei førde endaa med seg eit pust av friskt liv – men naar var det, han hadde høyrt dei? . . Han strauk seg yver panna … han mintest det. Det var heime i fjelldalen fyr snart seksti aar sidan, det var heime paa Hustveit, daa han laa saman med bror sin i den litle dragbænken, medan det bran og durad burte i den gamle, store kokomnen. Det var um morgonarne, daa mori var gjengi aat fjoset, daa der var stilt og varmt i stova, og han laag i koseleg halvdraum, til soli steeg upp burtyver snøfjelli og kikkad inn gjenom vindaugat og blenkte burtyver golvet… burt paa veggen og paa framsida av omnen med reinsdyret og alle dei andre roserne paa….

Kor han endaa kunde sjaa det reinsdyret, der det stod paa omnsplata med lyft hovud og greinutte horn, medan morgonsoli skein raudnande inn paa det. Yver det hekk ei grein av eit tre, og det stod som paa sprang – for burtanfyr kunde ein augna ein jæger. Ovanfyr det gjekk der ein krans av runde maanar rundt omnen, og uppe paa den stod der gryter og kjelar. Bakanfyr kikkad soli inn paa den graa muren, so alle dei kvasse kantarne paa steinarne vart til noser og skuggarne til kjeftar paa alleslags underlege andlet.

Paa den øvste dørspegelen stod den raudmaalte hesten i tjor, veggjerne var breide og brune, og bjelkarne og sperri uppe under taket var svarte og sotutte. Men yver det heile skein morgonsoli klaarare og blankare etterkvart . . . han saag det altsaman tydelegt . . . han laag i den litle benken og saag paa alt dette, medan morgonsoli skein . . . . Der gjekk ein styng gjenom honom. Det var daa vel ikkje anna enn draum dette . . . . elder var det verkelegt? Han reiste seg, so han sat i sengi . . . . han gnikad seg i augo og saag seg ikring – og so var det verkeleg den gamle dragbenken han laag i…. det var verkeleg den gamle stova han var i . . . . han saag dei gamle krakkarne burtyver golvet, bordet av tjukke, svarte eikeplankar og dei grøne smaa glasruterne, og det var den gamle omnen det durad og song i….

Der gjekk ein straum av varme og gleda gjenom honom. Gud i himlen, det var virkelegt alt dette! Han var heime og saag alt det kjende ikring seg! Men kvifyr laag han her, naar soli skein, og det var ljos dag, og kor var alle dei andre? Han snudde paa seg og saag etter. Bror hans laag ikke ved sida av honom, og der var helder ingen annar i stovesengi – han maatte hava forsovet seg.

Han sprang fram og var snart burte ved vindaugat. Der var vaargrønt nede under stoveveggen og langt, langt nedetter bakkarne. Bjørkerne nedetter bakkarne og aakerreinarne var grøne av lauv, og millom greinarne av dei kunde han sjaa smaa stykkje av vatnet midt i dalen blinkande i solskinet. Men kvat var det, som song og ljomad? Det var sletikkje i omnen, det durad, det kom nedanfraa vegjerne, fraa grendi nedanfyr, og daa han skulde høyra etter, so var det bjølleklang og ljom av bukkehorn.

Det maatte vera folki nede paa grannegardarne, som dreiv til sæters med buskapen… Men so skulde dei vel til sæters her paa garden og, og han vera med med kløvhesten … elder kanskje dei alt var dregne avstad, medan han hadde leget her og forsovet seg? Han tok seg saman som av ei ørska og foor ut. Det gjekk so underleg svindt alt – det var som um han vart boren i lufti likso mykje som han trødde nedpaa; men stovedøri knirkad med den gamle, kjende laaten, han saag dei nedtrødde fjølerne i gangen, og han var snart ute paa tunet.

Endaa var det, som um alt skolv i morgonsol, og det var ei stund, fyr augo tolde det; men daa dei gjorde dét, saag han strakst, at hesten stod bunden med kløvgreiderne paa burte ved staburstroppi. Og det gamle staburet stod som det altid hadde stadet paa sprukne furukubbar, med sledar og greidar innunder, med skinfellar hengende til utlufting under tekkjerne og med bjørk og raun og blømande lyng paa torvtoka. Lengre burte augnad han geitehuset med dei solbrende veggjerne, der han og brøderne hans altid sat innanfyr takdropet og morad seg, daa dei var smaa.

Underleg nok, her stod han og var vaksen kar og skulde til sæters, og so hadde han nyleg leget inne i dragbenken, liksom daa han var liten – korleis var det gjenget til?

Han strauk seg yver augo - han var endaa lidt ør i hovudet etter sovingi og kunde ikkje skyna det,

(Meir).