Fraa Volda.

Du kann tru her hev voret eit heilt staak sidan i sumar. Kaninarne og dei reine hev voret i luggen paa einannen som tvo ilske hanar.

Utfallet vart daa at kaninarne vann, takka vere indfødde autoriteter. Ja det er undarlegt kva sume folk kann udrette, helst naar det er ein kjolemann, som attaat hev voret paa stølshagarne i Stavanger og gjort seg feit. Slike karar hev spanskat: her umkring baade paa valdagen og andre tider og tutat i folks øyror: ”vil i miste eders barnetro og evig brende?” ”hva?” og so hev dei daa haldet grepa taler um dei reines vantru og deira arbeid for aa tyna kristendomen. Ymse folk som ikkje dette hev bitet paa og som hev havt likso mykje umsut for dette liv, som for det komande hev dei skræmt paa andre maatar t. d. med direkte skatt.

Det er difyre det reine vinstre arbeider for direkte skat, at dei skal faa taka ”den fattiges eneste tru og lave en ret for den fremmede vandrer”, segjer dei. Er det so nokon som ikkje fullt ut trur dette men prøvar aa leggja imot, ja so hev han ikkje det rette livssyn, og daa er det ikkje greidt aa vera til.

Paa denne maaten var det, at kaninarne vann her i Volda, og denne agitasjonsmaaten er det som hev gjort, at dei hev vunne i so mange bygder her vest, ingen maa tru, det er folkeviljen, som er framkomen. Ellest tek folk til aa vakna no herumkring, og ikkje minst hev me den staute og frilynde ”Vestmannen” vaar aa takka for det. Kaninarne gjer ogso alt for aa tyna honom. Her ein dagen hev dei født ein liten sjukleg kaninunge, som dei hev aust vatn paa og kallat ”Ugebladet”. Han er langhærd og slukøyrat men heve eit gnaldrande maal. Meinigi er nok’ at han skal uppfostras for aa grava grav aat Vestmannen, men det arme kreket er alt annat enn frisk aa sjaa til, so han slepp visst snart burt fraa jammerdalen.

Maalskulen aat Per Riste og student Steinvik er byrjat no. Der er ein heil flokk bondeungdomar baade gutar og gjentur. Og det kann vel henda dei likar seg dei du. Naar du raakar gutarne ropar dei: ”Hei, du skulde voret paa maalskulen hjaa Riste, gut, der er trøysame dagar”. Og gjenturne, ja dei kann no ikkje hugsa noko so gildt. Dette er ikkje aa undrast paa, med slike lærarar maa det vera gjildt. Riste er ein mann, som ungdomen her ser upp til med vyrdnad og kjærleik, og det fortenar han og. Han fer ikkje med mykje braak den karen. Naar du ser honom staa der i skulestova og tala med dei gamle normenn og arven me hev fenget av dei det norske maalet, daa kjem der liv i honom og dei kjenner, at der er eit hjarte, som slær i ungdomsglod og kjærleik til land og folk i den guten.

Han hev ikkje vortet spak og likesyten med aari han som so mange andre, nei, han er trufast og han nytter eit kvart høve til aa arbeida og gløda folk upp for sin ungdoms kjærleik – maalsaki. Og so Steinsvik med dei gilde foredragi sine – aa, det kann vel vekkja liv og glod hjaa ungdomen aa høyra paa slike karar.

Din Heimdal.