Maalmannsmøtet i Bergen.

Tanken um aa skipa eit nytt Maalsamlag fyr det heile Land hadde voret framme ved Joletider i 1883.

(Framh.)

_ _

Det var i Kristiania, at det den Gong var tale um aa skipa eit slikt Landslag med Amtslag, Bygdelag o. s. b. Talaren hadde daa voret med aa slaa dette ihel. Den Gongen meinte han som so, at det trengdest ikkje. Det var Propaganda, som skulde drivast. Saki skulde gjerast politisk. Dette kunde han ikkje lika. Han, og mange med han, vilde hava alle med – ikkje berre Vinstreflokken. Dei Folk i Vinstresamlagi, som elskad Saki, kunde taka henne upp; men ho skulde ikkje vera ei politisk Programsak.

Det var endaa ein Grunn til, at me i 1883 ikkje vilde vera med paa det nye Samlaget. Berner vilde, at Laget skulde arbeida fyr aa skriva Maalet meir fonetisk. Men me vilde ikkje vera med paa aa reisa noko nytt Merkje i Maalvegen – soleis millom Ivar Aasen og Knudsen. Laget kom ikkje istand. Det vart vedteket eit Forslag av Arne Garborg um aa avhandla Saki paa eit Møte yver Nyaar. Dette Møtet er endaa ikkje komet i stand. Kann henda det Nyaarsmøtet vert haldet i dag. Dei, som baud inn til dette Møtet, meinte ikkje, me skulde driva Propaganda elder skapa ei ny Maalform. Talaren var endaa imot den Ting. No var det tenkt paa aa skipa eit nytt Samlag til Utgjeving av Landsmaalsbøker. Me var skuldige Mons Litleré stor Takk fyr hans Tiltak. Dei, som fyrr hadde prøvt aa gjeva ut Landsmaalsbøker, trudde Litleré sitt Tiltak var og vart berre Armodsdom. Huseby hadde skriket ut yver Landet, at det gjekk ikkje.

Mest alle trudde, det var Gaukeferd. Men Litleré hadde havt Fremgang med sitt Arbeid, som hadde voret til stor Studnad fyr Maalsaki. Alle Maalmenner burde stydja honom. Det paatenkte nye Lag skulde ikkje beintfram hjelpa Litleré, men taka upp merkje, der han hadde sett det. Det var meint aa faa eit Lutlag istand. Dette skulde daa forleggja norske Bøker. Andre hadde ogso den Tanken, at der skulde skipast Maallag i Bygderne til aa faa ut Maalbøker og Maalblad. Desse Bygdarlag skulde so samlast i Amtslag og desse igjen i eit Landslag.

Talaren vilde ikkje setja fram Forslag. Han vonad, at Ordskiftet vilde greida Saki. D. O. Bakke bar fram denne Helsing fraa ”Norskelaget” i Holmedal:

Til Maalmøtet i Bergen den 15de Sept. 1888!

Me sender vaar varme Helsing og vonar, at sjølve Maalmøtet vil vitna um, at ho vert alt større og større den Ætti, som agtar og ærar ”Maalet hennar Mor”. So vil me faa Lov til segja vaar Meining um dei Maallagi, som er paatenkte av fleire gilde Maalmenner.

Det, som no er allramest turvande til aa fremja Maalsaki, er aa faa Folk til aa kjøpa og lesa dei mange gode Maalbøker og Maalblad, me alt hev. Gjeng dette, so set det Mod baade i dei, som skriv og som gjev ut Maalbøker, og me fær etter kvart det, me treng.

Dernæst maa der gjerast alt mogelegt for Øving i Landsmaal fyrst og fremst i Folkeskulen, men ogso ellest privat. Der maa sjaast m. a. paa, at det Paabod, som me alt hev fenget um Maalet i Skulen, vert fylgt, for daa vil Kravet um Lærebøker i Landsmaal verta so sterkt, at der maa høyrast etter det.

Difyr trur me, at Maallag kring i Bygderne med liknande Uppgaavur, som desse nemnde, er turvande og vil hjelpa Maalsaki eit godt Stykkje fram. Me trur og, at desse Maallagi hadde godt av aa staa saman i eit større for heile Landsdelar elder Landet. Dette større Maallags Uppgaava maatte vera m. a. den aa faa i stand større Maalmøte, der Maalspursmaal vart diskuterat, og aa giva ut ei aarleg Tidende fraa Maallagi til Umdeling millom desse og ellest til Sal.

Nærmare Reglar fyr Maallagi fekk Maalmøtet nemna nokre Menner til aa utfinna. ”Norskelaget” i Holmedal den 11/9 88. Jak. Rivedal. D. O. Bakke. Ionas Eikenes.

(Meir.)