Ned med Storkarane.

(Fyrst P. Kropotkin. Etter Ny Jord.)

_ _

Med Kjempestig styrer me imot ein Revolusjon, ein Uppreist, som vil byrje i eit Land og derifraa gange som ei Stormbylgje ut over alle Land, liksom i 1848, og skaka Heimsens Grunnvollar og kveikje upp att Samfunde med ny Kraft.

Til aa sannføre dette treng me ikkje aa skjote til dei Vitnesmaal, som den namnfræge Tyskaren Gervinus og den vidgjetne Italienaren Ferrai hev gjeve i dei historiske og filosofiske Skriftene sine. Baae desse tvo finn ut, at det maa koma ein stor Umstøyt sist i dette Hundra-aare.

Me hev Vitnesmaal nok, berre me ser oss væl umkring paa det som hev hender i dei siste tjuge Aara. Me vil daa sjaa tvo Kjensgjerningar: Folke vaknar, medan Storkarane veiknar i Moral, i Vit og i Pengevegen. Storkarane freistar faafengt aa døyve det vaknande Folke.

Ja det var sant, Folke, det vaknar!

I den sotutte Fabrikken og i det heite Kjøkene, i den laage Kleven uppunder Take og i dei myrke Gruver under Jorda held ein ny Heimsskipna paa og lagar seg til. Men denne lurvne Hopen lær Storkarane aat og samstundes fæler dei. For det er millom slike, at alle dei store Umbøter og Umstøytar hev vakse fram, og det er desse som no ogso tek for seg til Ordskifting dei vandaste Flokane i Samfundstelle og Politikken, og løyser dei paa rettferdig Maate. Dei vil rive Samfundsmeine med Rotom, nye Tankar blir tenkte og Raader lagde til Helsebot for Heimen.

Faafengt freistar Storkarane aa stogge Rørsla. Faafengt fengslar dei Framstigsmennene og polititek Bøkene deira. Men dei nye Tankane stormar inn paa Folk og fyller heile Tankelive deira og kveikjer Mote og Trua som i gamle Dagar, daa Folk drøymde um eit rikt og fritt Land i Austheimen og drog med Korsfararom aat den heilage Grava.

Sume Tider kann det væl sjaa ut, som um Tanken er slokna, men det er berre ridumtil. Tykkjes det slokne ovapaa, dess kvassare brenn det under, og Logen vil tilslutt bruse fram sterkare enn fyrr. Sjaa berre paa Uppattreisninga av Sosialismen i Frankrike andre Gongen i so stutt ei Tid som femtan Aar. Bylgjedrage kjem fyst sagte baarande, men tilslutt reiser det seg til ein Foss. So snart den fyste Freistna er gjord med dei nye Tankar, vil alle skyne, kor greide og fullkomne dei er. Ein einaste heppen Freistna og Anarkismen hev sigra.

Og denne Stunda kann ikkje vera langt burte. Allting fører Stunda nærmare; Nauda fær Armingen til aa tenkje, Arbeidarne, som gaar arbeidslaus og tigg um aa faa litt aa gjera, lærer seg til aa hate dei rike.

Men kva gjer Storkarane, naar Arbeidsfolke samsteller seg?

Med Naturvitenskapen gaar fram og blir lagt upp for alle Menneskje, og med ovstore Uppfinningar lærer os aa styre den eine Naturkraft etter den andre, so er det Storkarane einast, som hev Vinninga av dette, og dei vil ikkje vedstaa, at Vitenskapen um Samfundsstelle ogso gaar fram, nei dei vil, at han skal staa still og so jorter dei paa dei gamle Regjeringsformer.

Dei lovar væl fagert, men dei held det ikkje. Denne praktiske Politikken deira, som svingar att og fram millom Frihandel og Verjetoll, millom Fridomshug og Bakstræv, den duger ikkje til noko. Dei hev lova oss Arbeidsfridom, men gjer oss til Fabrikk-trælar. Dei hev lova oss Upplysning, og so handsamer dei oss, som um me ikkje kunne styre oss sjølve. Dei hev lova oss politisk Fridom og so hev me ikkje Stemmerett eingong. Dei hev lova oss Fred og gjev oss Krig, endelaus Krig.

Dei hev brote det, som dei hev lova. Men Folke er trøytt av alt dette. Det spør seg sjølv, kor det gaar, naar Storkarane skal styre dei so lenge. Og dei fær Svare, naar dei granskar Pengestelle i Europa. Pengeridene (elder Krisane), som fyrr berre slong til ein Gong imillom, dei hev vorte faste og endelause.

Tale paa Arbeidsfolk, som ikkje hev noko aa gjera, kann no for Tida setjas upp i Millionar berre for Europa; og titusenvis er det av dei, som gaar fraa By til By og tigg Maten i Munn; og dei, som gjer Uppreist og ropar paa Braud elder Arbeide, dei er likeso mange.

Liksom Bøndene i 1787 ikkje var god til aa finne ein einaste dyrkande Flekk av Frankriks rike Jord – Rikingane aatte Retten til Jorddyrking for seg sjølve _, soleis staar Arbeidarane i Notida med tome Hender foruta Raavyrkje – det er ein Flokk Letingar som eig dette.

Store Industrigreiner hev slutta, store Byar er lagde øyde. Armo og Vesalldom allvist i England, fatikdom i Elsass, Sveltihel i Spanien og Italien. Allstad Vonløyse og Otte, Naud og Vesalldom; Bonna utsvelte, Mødrane eldast fyrr Tida, Tap og Tjon for Arbeidsfolke – det er dette, som Storkarstyre har gjeve oss.

Ovdrift

Og so kjem dei endaa og talar um Ovdrift (Overproduksjon). Ovdrift? Naar ein Kolarbeidar, som legg upp Berg av Kol, ikkje fortener so mykje, at han kann leggje i Omnen um Vinteren? Naar Vevaren, som vev Ty i milevis, ikkje hev Raad til aa gjeva den fillutte Ungen sin ein Stakk?

Naar Muraren, som byggjer Slott, maa bu i eit Skur, og naar Sygjenta pynter Dokkur, som blir betalte med Gull, og ho sjølv ikkje har anna enn ein fillutt Flange til aa tulla umkring seg i Styggvere?

Skulde dein ikkje mest maatte tru, at det var eit løynt Samlag millom Storkarane, som gjekk ut paa aa svelte ut Arbeidsfolka? Pengane, Kapitalen – Vinninga av Allemans Arbei – som hev samla seg paa faae Hender, gjeng fraa Aakerbruk til Industri, blir det sagt.

Ja det kann gjenne hende. Men kor blir det av’n som oftast, naar han slepp ut or det jarnslegne Pengeskaape? Han fyller Sultaanens Kvendeheimar, han driv Krigar og øyder Mannaliv, han herbur Russland mot Turkane og Turkane mot Russland. Eller han skipar eit Lotsamlag, som gjer Buslit um nokre Aar og gjev Loteigarom Millionar. Eller Kapitalen byggjer nyttelause Jarnvegjer, over St. Gothard, i Japan, i Sahara – det kvitter eit kvarhelst -, berre Loteigarane tener Millionane sine.

Men den verste Øyda, som Kapitalen blir brukt til, det er Spekulasjonen i Vareprisar. Det er Heimsens store Vaagespil. Millionar blir sette paa Aukinga av Bomuld- og Kveiteprisar. Ved den minste Vending i Politikken byter Millionane Eigarmenn.

Denne Villstyringa i Pengestelle er all Stad. Men soleis kann det ikkje gaa lenge. Folk er trøytte av alle desse Rider, dei blir arge, naar dei merkar kor havasjuke dei styrande er. Dei stundar etter aa kunne faa liva av Arbeide sitt – og faa den fulle Havangen av det og ikkje berre ei Svelteløn og so attpaa bli ynka av Flaa-arane sine.

Og Arbeidaren skynar, kor duglause dei styrande er. Han veit, at dei ikkje kan skyna, kva han ynskjer, at dei ikkje duger til aa faa Skikk paa Fabrikkstelle, Næringsvegjene og Umsetningen.

Folk vil snart taka Magta fraa Storkarom av Millomklassen og styre seg sjølve, so snart som det byd seg Høve til det. Og den Stunda kann ikkje drygje lenge med aa koma. Pengevelde, som mergstel Arbeide, manar. Stunda kjem; me ser alt kor Statsstelle all Stad byrjar losna og ryke sund.