Nye Landsmaalsbøker ventande.

Mons Litleré gjev snart ut: Staaveprat. Etter Henrik Wranèr ved Bolette C. Pavels Larsen og Ugras, Skissur av J. E. Maakestad.

Me gleder oss til aa faa Staaveprat. Vert det so godt som det, Bolette Larsen hev umskrevet av Wraner i ”Smaa-stubbar”, so veit me, me fær ei hugnadleg Kveldsstund.

Skjæk? ”Morgenbladet” fortel um ein student som var yverkjøyrt, at ”den ene skjæk” tok han i sida. Ja ein skal ikkje truga talg av ein trebukk hell. Det er ikkje aa venta at ”Morgbl.” skal vita, at skjæker i eintal heiter skaak. Eller kanskje skjæk skal vera meir dannet?

Misprenting kann det ikkje vera.

__________________________________________________________________________