Socialisme

Socialisme er ei samfundsform, som ein tenkjer seg, ei samfundsform, som ikkje skal hysa urett, skriv Vestm. Det er ei form, ein skipnad’ som ein tenkjer seg aa naa med tidi, eit ideal for framstigsarbeidet. I socialstaten, skal alle vera like. Den eine skal ikkje liva av den andre liksom no, daa sume slæpar og lid vondt, og andre nyt frugti av slæpet utan sjølve aa lida noko. All klasseskilnad skal burt. Det eine menneskje skal ikkje vera meir verd enn hitt. Alt arbeid skal lønast etter det verd, som arbeidet hev. Alle skal vera sjølvhjelpne. Ingen skal nøydest aa selja seg, og ingen skal ha magt til aa kjøpa.

Kortsagt, det er ein samfundsskipnad, som ein tenkjer seg skal føra det med seg, at alle borgarar skal verta sæle, alle skal verta brødrar og systrer. Den eine skal ikkje kunne lyfta seg upp med aa riva andre ned, men den eine lyfter seg sjølv med aa lyfta andre. Kiv, trætte og slaasting um timelege ting vil ikkje vera i eit slikt samfund. Alle vil ha det, dei treng; ingen vil vinna noko med aa ha meir enn han treng. Det vert ikkje kappjag um vinning, men berre um aa gjera godt. Den som kann gjera mest godt, han vil staa seg best og vera sælast.

Dette er socialisme. Dei som arbeider paa aa naa ein slik samfundsskipnad, dei er det, som er socialistar og ikkje desse upprørske arbeidarane, som vert upprørske av all uretten, dei lid.

Men, spyrr du vel, kann nokon vera imot dette? Jau fleirtale er imot det. Dei rike er imot det, av di dei ikkje vil missa rikdomen sin, og dei arme og nedtyngede, dei er imot, av di dei er lite upplyste, veit lite, anna let seg skræma av dei rike. So med alt framsteg. Slavarne var imot, at slaveriet og slavehandelen skulde avskaffast. Kven var skaparen av socialist-tanken? Det var Jesus sjølv.

Han med sitt mannemilde hjarte tolde ikkje sjaa all uretten, som var. Det skar honom djupt i hug, at hundarne skulde slikka saari aat den fatige utanfor dyrri aat den rike mann. Og so erklærte han krig mot rikdomen. Han sette dei fatige i høgsætet og foragtad dei rike.

Dei fyrste kristne freista aa gjenomføre Jesu-tanken i det praktiske liv. Men at ein flokk ulærde folk skulde kunne løysa dette vandaste av alle samfundsspursmaal det var ikkje aa venta. Og so gjekk det som det gjekk. Men no er me komne lenger. Mannatanken er klaarare, ser djupare, veit meir. No kunne vegen finnast, um alle desse ”Christi etterfyljarar” vilde taka nokre haneskrev i hans fotefær.