Tynnsetvalmennerne

Tynnsetvalmennerne er Th. M.*) for strid med. Han vil vel ikkje, at dei skulde stemme paa ein Mann, som dei ikkje kunde faa fram, um dei hadde vilja aldri so gjerne**)?

Det er fortalt, at dei hadde ”lova” aa stemme paa meg. Liksom Valmenn kunde lova slikt noko! Aa nei, med den Valmaaten, me no hev, so alt ein nok vera aa baade gje og ta slike Lovnader. Det einaste, dei kunde lova, det var aa røyste paa meg, dersom dei saag, at der var Von til aa faa meg fram; so snart dei saag, at der inga slik Von var, - so kunde dei daa ikkje i ei Tid som denne gaa sta’ aa kaste burt Stemmerne sine? Hadde dei gjort det, so hadde dei ikkje vore aalvorlegare Menn enn Savalguten.

_________

Ja, for Savalguten er ikkje altid sætande. Han er ein fælt gild Kar, som me alle veit; men i eit Aalvors Tak kan han vera leid aa ha med seg, fordi han hev for mykje Gjeite-natur. Det kann gaa godt – som t. D. no paa Tynnset, daa me valde Valmenn. Men rett som det er, so kann det hende, at Savalguten fær Grillur. Og fær han ei Grille han, so gjeng han etter den um han aldri so mykje veit, at det ber paa Sjøen. Han tykkjer det er Moro, sj’u.

Som no dette-her med meg. Han visste, at der var likso god Meining i aa setja upp meg til Thingmansemne i Hedemarkens Amt som aa setja upp Hans Jæger i Kristiania. Og han visste, at eg sjølv ikkje vilde eller kunde; eg hev anna aa gjera no, - og det slikt, som eg duger betre til enn til aa sitje paa Thinge***)

_________

Savalguten godkjende sjølv disse Grunnarne mine. Men endaa dreiv han paa, at eg skulde til Things. Han gjorde det, fordi han trudde han skulde erta Folk med det – og det skulde no vera slik Gaman, maatru -, ogso fordi han gjerne vil vera slik ein skræmeleg rRdikaler; men han tenkte aldri i Verdi, at nokon skulde ta dette Snakke hans for Aalvor. Eg for min Part var no og trygg for det.

Men i Tynnset hev dei havt meir Tru til Savalguten enn baade han og eg visste, so at det kunde ha gjenge gale med dette-her, dersom ikkje Valmennerne hadde havt meir Vit, enn Th. M. hev venta av dei. Nei, ein maa sjaa seg fyre, naar ein hev aa gjera med slik ein Skjemtegauk som Savalguten!

__________

Men ein Ting skal eg ikkje gløyma Valmennerne vaare, og det er, at dei ikkje fekk M. Mortensen fram. Det hadde dei kunne drive igjenom, hadde dei brukt Aalvor og Vit, og som eg fyrr hev sagt, so hadde Mortensen vore plent den Mannen, me no skulde hava.

Baade er han stødare og greiare Demokrat enn nokon av dei, me hev sent til Things, og so hev han dessutan det framum dei, at han er meir politisk røynd og forfaren. Tenk _: her hev me ein av dei fremste Niandejuni-Menn sitjande, og so læt me han sitja ubrukt paa ei Tid, daa dei gjeng der inni Kristiania og vil luska seg ifraa Niandejuni-Politikken! Det er ikkje berre det, at det er Skade; det er Skam attpaa, ja Landskam.

- Det skulde ein ikkje gløyme Valmennerne fraa Nordre Østerdalen.

Dei, som segjer, at Mortensen var for gamall, det er Folk, som ikkje kjenner han, eller Folk, som lyg.

- Um Storeng vil eg gjerne tru det beste veit du. Men skal eg døma etter det, han hev skrive her i Fjeld-Ljom, so vil eg aldri vera med paa aa setja den Mannen paa ein Plads, som krev Mod. Eg hev aldri set ein Mann vera so rædd for aa ha ei Meining; han vrid seg unna i Aalmenn-Setningar stødt. Er han altid so veik i sine Kne som han er, naar han skriv, so er det ’kje sagt han blir likare han enn Hektoen. Arne Garborg.

*

Soleis kann jamvæl ein gild Gut som Garborg ørske, naar han skriv um Ting, som han ikkje hev full Greie paa.

Meir sea. Bladstyre.

 

*) Dette Stykkje hans Garborg er upptekje fraa Fjeld-Ljom etter Uppmaning fraa Forf.

**) Dei visste dessutan, at eg ikkje vilde fram sjølv i Aar.

***) Dersom eg eingong finn ut, at eg vil dit, so skal eg segja ifraa sjølv og setja upp mitt Program med det same; ver trygg for det.