[Forfall og Nedgang?, Mindre moralske, Fin Skrivemaate, Hardstyre., Trønderen og Presten.,]

Forfall og Nedgang? Ei Tid var Chr. Bruun so kaut, at han ikkje ville kallast upp etter nokon annan enn Kristus sjølv; han brydde seg knapt nok um aa heita Lutheranar di helder.

No kallar han seg Oftedøl. b.

 

 

Mindre moralske  er dei, som ikkje hev Stemmerett, segjer Thomas Jørstad, og Chr. Bruun sannar etter.

 

Altso bør dei vel faa Stemmerett daa, og det snart, so dei kann koma seg upp i det moralske? –

 

Nei, altso bør dei ikkje faa Stemmerett, segjer Thomas Jørstad, - og Christoffer Bruun sannar etter. b.

 

  

Fin Skrivemaate arbeider Framgang  for mill. a. Soleis skriv den eine Bladstyraren, S. Fedje, um ein politisk Motstandar, at han ”har baaret sig ad som en Slarv” og ”ter sig som en forstyrret  Væggelus”. Tru ikkje Chr. Friele no hev funne sin Meistar?

 

Hardstyre. Dei Tillysingar, som hev voret sleget op paa Murom i nokre av Byom i øvste Schlesien, hev voret skrevet i det polske Spraaket. Men no hev Regjeringi sendt Paabod ud om, at Tillysingarne heretter skal skrivast paa Tysk. At dei, som hev Magti, kan vera so harde. Nekta Folk aa bruka Modersmaalet sit! tvinga dei inn i eit framandt Maal! Tru kor lenge Tyskaren kan halda Riket sitt ihop ved aa brjota Lovarne, som Vaarherre hev sett. Eingong vil det falle ifraa det, som Tyskaren fyrst hev røvat, og som han etterpaa vil plaaga Livet av med det tjukke Spraaket sitt. Me tenkjer paa det, han hev teket fraa Frankrig og Danmark og. (Framgang).

 

 

Trønderen  og Presten. I Skogn vart det nyleg nemnt ut ein ny Prest, Aschenberg. dei vilde ikkje ha han Bygdefolket. Dei kom saman til eit møte, og der skreiv dei eit Brev til Presten og eit anna til Kyrkjestyret. Innhaldet av baae Brevi var dette: me vil ikkje ha den Karen til Prest.

  

Naar fleire tok det paa den Maaten, skulde De nok sjaa at Folk, at det vart Prestevalslov vonom snøggare.

  

Presten. Han Ola Kleiva skjussa Bispen. ”Der er det eit Vegeskjel”, sa Bispen. ”Kva Veg skal me ta?” ”Eg er ikkje so kjend her eg”, sa han Ola; ”men det stend ein Prest burt i Skjelet, so fær me sjaa, kva han segjer. ” ”Jau dette er rette Vegen”. ”Kvifor kallar du Vegavisaren Prest, Ola”. ”Jau for det er Prestegjerd i han: Han syner Folk Ferdavegen, men gjeng han ikkje sjølv”.

 

Hm hm!” sa Bispen og slo paa Gampen.

 

 


Frå Fedraheimen 10.02.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum