[Kor ”Verdens Gang”, Aa so mykje usant og falskt, Medan Striden, Den ”danske” Diktar Henrik Ibsen, Skirenn paa Faaset]

Kor ”Verdens Gang” kjem til aa enda helst er ikkje godt aa vita. No slær han av paa alle Kantar.

Nokon varm Maalmann hev han aldri voret, no tek han til aa gjera seg til ein Bakstrævar der og talar spottande Ord um at ”Stortinget bevilger Penge til Oplæring i Landsmaal, til at maalsplitte Landet paa kunstig Vis.”

  

Thommesen er ein veik Mann, han maa allstøt ha ein Stav aa klengja seg attaat. Fyrr hadde han Johan Sverdrup, og sidan han bogna er det Bjørnson, sem Verdens Gang rid paa. Han torer aldri styra stavlaust.

 

Men alt er ikkje tapt, fordi um Verdens  Gang  blir Bakstrævar. Her er att Blad endaa, som er baade norske og frilynde nok.

 

 

Aa so mykje usant og falskt

 

det hev komet inn i Politikken vaar og kor mykje det er aa retta paa for den, som vaagar taka eit ærlegt Tak! Skal me faa ein greid og folkeleg Politikk fær me nok setja større Maal enn aa faa burt Johan Sverdrup. Han hev gjort sitt til aa gjera han tuklet og ugreid, han hev kanske gjort meir enn andre – men so hev no Folket sjølve største Skuldi lell daa. Skal me nokor Tid faa fullgreid norsk Politikk, maa Folket taka heilt annleis i enn det til no hev gjort, setje Kravi sine fram og velja Menner til Tings, som ikkje er rædde for ein Støyt. Hadde det sitet faste Karar i Tinget i 1884, hadde dei haldet Johan Sverdrup litt i Age og lært han, korleis han skulde bera seg aat. Det gjorde dei ikkje. Dei gav han Fingren og daa er det ikkje langt att til heile Handi.

 

 

Medan  Striden

 

mot Selmerstyret stod paa fekk Vinstre Studnad av Arbeidsmannen, ein Studnad, som ikkje gjorde lite til den Sigren me vann i 1884. Johan Sverdrup og dei andre Hovdingarne foor ikring og smiskad Arbeidaranne med, at naar dei kom til Magti, skulde Arbeidaranne faa Løn for Strævet sitt. Hjaa Sverdrup er det ikke lengre noko aa venta. Der kjem ein Arbeidsmann ikkje lengre enn i Protromet, og han maa takka til, um han fær koma so langt. Og Sveinarne liknar Meistaren sin. Høvepolitikken hev fenget sovori Magt yver dei, at dei ikkje kan riva seg lause, og so ligg dei og tullar seg burt i Hensyn der og Hensyn her. Arbeidaranne skal maatte nøgja seg med gilde Lovnader, som ingen av dei bryr seg um aa halda. Dei skal lokkast med.

 

Men Arbeidaranne let seg ikkje lokkast lengre. Dei hev fenget nok av Fuskepolitikken til at dei skulde gaa med paa ei sovori Komedi ei Gong til. Dei hev sett fram Kravet sitt, og det vil dei halda uppe, um dei so skal staa aaleine. Betre aa vera aaleine enn aa hava falske Vener.

  

 

Den ”danske” Diktar Henrik Ibsen

 

heiter det i Tyskland.

 

Naar han skriv paa Dansk, er det greidt ingen trur anna, enn at han er fraa Danmark.

  

Bjørnson  kallar Utlendingen ofte for Svenske  – ja for han skriv halvt Svensk ogso.

  

Det kan vera slikt Slag for oss. Me hev Vinje og Garborg att, som ingen vil koma til aa kalla anten for Svenske eller Danske.

 

 

Skirenn paa Faaset

 

den 18de Kl. 9. Lengderenn (4 Kilom.) Tri Klassar, under 13, 18 og yver 18 Aar. Repræsentantrenn for 5 og 5. Langreisande kann vera med.

 

 


Frå Fedraheimen 10.02.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum