”Du skal setja tæring etter næring”.

Eg hev ei par gonger set stykkje i ”Vestlandsposten”, der denne regelen vert framhalden som det eine rette.

 Naar folk gjorde det, so vart alt godt og vel meiner dei. Ja, lat oss tenkja noko paa det.

 

Naar ein mann tener so mykje fyr dagen, at det vert fem kroner dagen for kvar taa famelien hans, daa veit me, at so mykje tarv dei ikkje for dagen til mat og klæde. Men etter dette ortøkje skal dei altso setja det til. Er det embætsfolk, tarv dei ikkje spara eit øre, dei kann berre setja tæring etter næring. Kjem alderdomen, so kjem ogso pensjonen. Det er folk som plent liver soleis, og det skal dei altso ha rett til?

 

Ein arbeidsmann med ein stor barnaflokk fer det ikkje uppi meir enn ti øre dagen for kvar, endaa baade han og kona slit hardt. Men no vil dei og gjerne liva, og – etter regelen ”setja tæring etter næring”, skal dei netupp bruke so mykje for dagen, som dei hev fenget inn. Ja, naar røykjesild og poteter er so billig mat, som i vetter var, kann dei liva og. Men skal dei faa seg ei tunne rug, so kjem dei i skuld, og daa set dei ikkje tæring etter næring lenger, for daa liver dei paa framtidi, og ho hev endaa ingi næring gjevi.

  

Kvar ein kann etter dette døma, um alt vart godt og vel, naar me skulde liva etter dette ortøkje. Set no paa eine sida kongen med sine hundra av tusenkrunur um aare - og sine dusinvis med medhjelparar til aa øya dei ut – og paa den andre sida ei arbeidarkone med ein sengeliggjande mann og mange smaa born – det same som sveltihel for dei alle, um folk brukte ortøkje: ”Setja tæring ette næring” i staden for aa gjeva dei hjelp.

 

I ”Morgenbladet” stod det i eit aarsumsyn, at ”det var især ønskelig, om de simplere klasser sparede mere”. Um ein berre tenkte paa landets beste, maatte ein svara: lat, dei høgre klassarne spara mest. Dei tener mest, dei øyer mest, altso kann dei ogso spara mest.

 

Dei rike kann halda upp med aa føra pengarne sine til utlande for klæde, stas og vin. Dei vart ikkje veikare anten paa kropp elder sjæl taa det. Derimot er det til liten bate for landet, um ein arbeidsmann, som ikkje tener meir enn til aa liva, tok til aa spara og negta seg det naudturvelege og so miste krefter taa sparingi.

 

Eg veit, det er sume ting, som baade rike og fatige kunne lata vera aa kasta burt pengar paa. Ja dei gjorde berre vel imot kroppen sin, um dei ikkje hadde det. Eg skal nemna tobak. Det hender so ofte for ein arbeidsmann, at tobaksdaasen og pengepungen vert tome paa ei tid. Brita Bjørgum.

 

 


Frå Fedraheimen 10.02.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum