Berre gaa paa!

Det ser myrkt ut i Landet no, segjer mange. Dei gildaste Menner, me hev havt i Fridomsstrævet vaart, er burte for oss.

Johan Sverdrup, Baard Haugland, og mange med dei hev gjevet seg Bakstrævet i Vald og set seg beint mot alt det nye, som held paa aa koma upp. Og naar det hev gjenget soleis med desse, kva kann me so anna venta av dei hine, enn at det gjeng same Vegen med dei og, naar dei er kans til det.

 

Ein vert harm, naar ein tenkjer paa alle desse gilde Lovnadar og store Ord, som vart kastat ut millom Folket for aa faa det til aa vera med, og som ikkje var meinte annleis enn aa tena Fyregangsmennerne til aa koma inn i Matberget paa. Naar dei berre fekk det godt sjølve, kunne det vera det same, korleis det gjekk med ”Folket”.

 

Naar ein tenkjer paa dette, vert ein harm, og harm med Rette, harm som ein godtruen og ærleg Mann alltid vert, naar han kjem ut for Fusk. Men Harmen snur seg ikkje berre mot den, som hev narrat ein. Ein vert ogso harm yver, at ein sjølv kunne vera so dumm, at ein let seg narra. Og denne Harmen er den beste, for han lærer ein aa aa lita paa seg sjølv. Han lærer ein aa sjaa paa saki, setja seg inn i ho og tru paa ho. Han gjev strammare Vilje.

  

Og det er det, som vantar oss her i Landet. Her er so fullt av veike Viljur, kor du snur deg, at du mest vert hugad til aa segjia upp alt saman.

  

Ja veike Viljur og Mistru til Saki, so snart ein ikkje trur, at flestalle Folk er med, det ser me mykje av ikring oss no, so det er reint fælt.

 

Sjaa t. D. korleis dei ”reine” bar seg aat paa Landsvinstremøtet. Gjeng dei ikkje der og gjev upp den eine gode Saki etter den andre, anten ”steller” paa ho elder kastar ho reint, berre fordi dei vilde hava Samband med Oftedølerne til Vali og fordi dei ræddast for, at dei hadde Folkefleirtalet mot seg! Skulde nokon ha set sovoret? Vrakar dei greidaste Sakerne, dei hadde, for aa faa samband med Folk, som hev synt, dei ikkje vil lengre, enn dei hev komet, ialfall ikkje enno paa ei Rid! ”Oftedølerne” og ”Kaninarne” hev heile Tidi stelt seg soleis, at kvar ein maattekunna sjaa, at dei ikkje vil ha Samband med Vinstrefolket lengre. Dei hev baade i Tinget og i Bladi synt, at eit Samband med Høgre er dei mykje kjærare. Kvifor so ikkje lata dei rolegt faa siga beint, til dei kjem til den naturlege Meiningi si?

  

Sjaa no berre ved det siste Presidentvalet i Odelstinget. Dei viste, at det reine Vinstre vilde ha Qvam fram, dei viste, at det er han, som er Far til den største Saki me hev fenget gjennom under den nye Styringi, dei viste, at dei vilde kløyva Vinstre endaa meir ved aa vraka Qvam, og likevæl gjorde dei det! Dei vilde helder ha Daae enn Qvam, dei vilde helder staa med Høgre i Unionsspursmaalet enn med Vinstre. Dei freistad paa det same i fjor; daa gjekk det ikkje. Iaar fekk dei Høgre med seg.

 

Dette syner, at det ingi annar Raad er for Vinstre, enn aa gjeva ”Oftedølerne” og ”Kaninarne” upp.

 

Og kvifor skal me ræddast for aa gjera det? Kvifor ikkje setja upp eit endeframt og greidt Program, som fridomskjære Folk kan sanka seg um, og arbeida for det, um me so samstundes misser Fleirtalet! Kvifor ikkje ein Gong freista paa ein ærleg og radikal Politikk, som det er litt Gagn i og som det kan vera Strævet verdt aa arbeida for.

 

Lat so ”Oftedølerne” kvila i Fred. Striden med dei, skal ikkje utvikla ein stort. Den oftedølske Politikken er botnat paa Fordom, difor vil Upplysningi drepa han etterkvart.

  

Aa nei, me hev so mykje godt Arbeid liggjande framfyre oss, at me hev nok med det. Fyrst og fremst hev me Arbeidarkravet um aalmenn Røysterett. So hev me Skulespursmaalet, Uppløysing av Statskyrkja og Unionsspursmaalet med Fristaten som det endelege Maalet. Alt dette er Krav, som seint eller tidlegt maa verta gjennemførde, og som det difor er best aa taka upp so snart som mogelegt.

 

Ja lat oss kasta burt alle ”Hensyn” til Oftedølerne og til ”Stemningen”, som Arvesen hadde det so annt med paa Vinstremøtet! Lat oss kasta burt Fuskepolitikken og standa for Saki si eigi Skuld og ikkje Ordi so og somange gjeng med paa ho! Ein Mann, som vil vera med aa strida for ei Sak, som han kjenner hev Framtidi for seg, han tek ikkje ”Hensyn til Stemninga”, soleis, at han gjev ho upp, fordi han hev faae med seg. Nei, han er beredt paa Motstand, og han gav seg heller yver, um alt gjekk glatt. Det er nemlig ein historisk Sanning, at ein kan kjenna ei god Sak paa den Motstand ho møter, og at ei Sak som ingen Motstrævar har, ikkje er vær daa strida for. Dette veit han, og difor arbeider han med Von mot Von, men altid med Yvertydning um, at Saki eingong vil vinna fram. Og han vil dessutan forstaa – sopass Andsvarskjensla bør ein Mann ha -, at um han bøygjer seg for ”Hensyn” so mister han mykje av den moralske Magti si. Ein Mann, som eingong hev bøygt av, tapar i Tillit, han fer ikkje lengre so stor Innvirknad hjaa Folket, og han kjem til aa skada den Saki, han trudde aa skulle gagna. Anten fer han setja seg reint mot fraa fyrstenn, eller ogso halda beint fram, naar han fyrst hev komet uppi.

 

Det fell so lett aa bøygja av fraa den rette Vegen, naar ein møter Motstand. Det er somykje maklegere, ein støyter ikkje Venerne sine og ein kann ha Von um aa koma godt inn i Matbjerget, til Ære og Magt. Me hev so mange Døme paa dette fraa det offentlige Livet vaart, og dessutan er det no noko, som hev voret Tilfelle heile Tidi. Soga hev fult upp av sovorne Døme. Dem, som derimot held beint fram, vert vanvyrdt og sett tilsida. Han hev ikkje lert aa knipa han, maavita. Han er ein liten Hund han, og dei smaae Hundarne fær nøyga seg med det, som fell fraa Herrerne sitt Bord.

 

Dette hev voret, er og vil verta Tilfelle, til me fær ein ærlig og greid Politikk.

 

Men skal me koma solangt, maa Folket sjølv taka i. Det maa sjølve taka Styret og sjaa væl etter, kvem det liter paa. Landets Styre og Stell fraa det største til det minste maa dei sjaa til aa setja seg inn i, so godt det let seg gjera, og det kan verta ein Samvitssak for dei aa vita, at alt vert væl gjort. Løyndomen maa burt fraa Politikken, og alt maa framm, so vil alle Revakroker falle burt av seg sjølve. Difor maa me faa Politikk inn i Skulen. Kunne me faa Pontoppidan ut og Politikk istaden, vilde det vera eit stort Framstig. Det er politisk Kunnskap, Folk ventar. Kann me faa den inn i Skulen, vil me faa eit upplyst Folk, som ikkje let seg lokka med av den eller hin, men som krev full Klaarleik, fyrr dei gjeng med; men som ogso daa veit, kva dei vil og ikkje stansar paa Vegjen, ordi nokre – kannskje Fleirtalle – vart trøytte, og ikkje orkad aa fyglja med endaa. Me vil faa Folk, som ikkje er rædde for aa staa aaleine – um so skulde verta krevt – og som var viljuga til aa rudja Veg, so andre kunne ha lettare for aa fylgja etter.

 

Dei Folk i Vinstre, som hev Tru paa Framstig og Utvikling, og som hev Mans Mot til aa gaa fram tross Motstand, bør difor no gjeva upp al Von um og all parlamentarisk Tevling med Oftedølerne, sovoren Tevling, som gjeng ut paa aa faa Samband i stand. Lat Bakstræv vera Bakstræv, og lat oss, som hev noko aa arbeide for, samla alle Kræfter paa det. Lat oss sanka oss um ein virkeleg folkeleg Politikk, botnat paa Klaarleik og Upplysning. Lat han vera radikal, det vil berre gjera godt. Stigett fullt ut, det et manslegt; alt anna er berre Stakarsdom, som det ikkje vil vera Gagn aa arbeida for.

 

 

L. Stavnheim.

 

 


Frå Fedraheimen 10.02.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum