Er volapyk fjol og fjas?

(Av O. J. Høyem). (framhald frå no. 5.)

Men ette mi meining lig de eit levande  tungemål for os, som heimsaga peike ut til å bli felagsmåle som forretningsspråk heile verda over, nemlig de engelske. Dette er notidsmål, rikt på ord, rikt på formord men armt på bøiginga. De har også vore i diglon og der fåt si blanding av så vel dei germanske som romanske, ja kjeltiske tungom i Evropa og er ved si bygning godt laga til å take in i seg ord-islæt frå alle verdsens tungemål d. v. s. koma i digla, alt ette som de høve for dei folkeferdom, som her eller der kunde trænge å gjera seg forståt gjennom de engelske måle.

 

Kva veg kjem eit sørtysk studerstugemål, hopset av ein polyglot, i grasgang med de engelske språke, som alt noer kjent og nytta i alle jorddelom!

 

Istaden for å mase med volapyk, vilde de vera noko anna å lægge arbeide åt den  kanta, som verdenssaga peike i de språklege. Greidt nok er Evropa den mest dana jorddelen; men ænda syne de seg fulgodt, kva for eit folk vi der har, som held den første fiolen for utviklinga, nemlig de engelske; og den engelske tunga  har alt lagt under seg å kalle heile jorda så vidt, at de må bli ho, som dræg av med den endelege segjer. Den engelske tunga styre jo alt noover 250 til 300 milliona menneskje : motes ¼ av alle sjæle på jorden, og ho er til med di eit både bruka og lettænt ”forretningsmål” for ompas 120 milliona menneskje utanfor den engelske krona berre i Eoropa. I alt kring 1/3 av alle menneskjo paa jorden. Særleg har ho planta seg fast i Amerika og der grunna eit storfolk, som alt er de første : stærkaste på jorden. Og de er ingen tvil om, at vi her har ei kjæmpedigle, som atter har de arbeide å smelte engelsk, fransk, tysk, italiensk, polsk, norsk, svensk, dansk, finsk, russisk, kinesisk o. s. v. samen til eit engelsk mål av langt høgre rang som verdensmål æn de engelske måle, som den dag i dag brukes på dei britiske øyom.

 

Her ser vi såleids vegen, den historiske  veg for de endelege verdensmåle, som gro og veks på naturleg  måte. De vælt som ei havbåre vestover jorda ifrå sit første ophav i den gråe oldtiden her i Norden blant nordbuara, angla og sakslændinga, som samla seg i England, der dei slo seg samen med dei bretlandske og kjeltiske tungom og sidan også ihop med den normanniske. No i de sidste århundre valt båra over storhave; og eingong kan ho vel som amerikansk-engelsk kaste seg over Stillehave med og gå i digle den 3dje gongen i Asialand! Utan bok veit vi, at den engelsk-amerikanske tunga vil bli langt ordrikare og med ordbrigde og vendinga frå alle heimsens kanta. Og kven veit, som ikkje Nordamerika eingong tæk in Søramerika ogso og der auke måle sit med spansk islæt. Vi veit no, at tanken alt lig der utforma til dette storverkje.

 

Her  er såleids, ette mi meining, de sjølvskrevne verdensmåle! Når de vart såpas ved dei 2 skrævom de har gjort de første frå Nord- og Mellom-Evropa over Nordsjøen og Kanalen til England, og de andre frå England og sidan frå heile Evropa over Atlanterhave til Amerika, så kan vi ane, kva de vil bli, naar de har fylt heile Amerika, og så skræve over Stillehave og syg i seg dei 2 stærkaste folketungone i Austasien, kinesiske-japanesisk, liksom de alt har sæt fast fot i Austindien og Australien.

 

De er likevel eit arbeide for de komande verdensmåle, som vilde vera de heile til velsignelse, nemlig med kraft å verke for ei ortofonisk eller retlydande engelsk staving, så kvar bokstaven berre fek ein og same lyd i alle ordom og kvar lyd aldri meir æn ein einaste bokstav og ingen daude bokstava i måle. Kunde engelsken koma så vidt, så vilde han væra langt længere på veg til verdensmål æn no (sjølvsagt meine eg med dette uttryk ikkje i denne avhandling anna æn verdsens forretningsmaal). Ein lydret  engelsk vilde med langt større lette, æn som no, kunne lema i seg ord m. m. frå andra tungemål og med di bli lettare og lettare å lære av alle dana folkeslag. Den midalderlege bakvendte staving står stængande for dette måls dyrking ændå i si eigja heimstamn!

 

Men så har England alt ein målmansflok, som stile just på dette. Og her er dei volapykfolk, som eg vilde ønskje framgang og styrkje i alle land.

 

 


Frå Fedraheimen 10.02.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum