Fraa Frosta.

Daa du no er komen nærare Thrøndelagen, vil eg som Trønder segja deg vælkomen til grannelaget av dette gamle Norigs Hjarta.

Du hev visst ikkje enno vunnet Trønderhjarta, men eg vil vona for maalsaki si skuld, at du snart vinner det. Her i Thrøndelagen er det ikkje stor samhug med maalsaki. Dei er likesæle, dei fleste. Det var den eldhugen for vaar folkelege reisning, som folkehøgskulen kveikte, som vekte maalhugen og. No er det slutt med eldhugen for maalet, og tidi, som skulde setja det i æreromet, er enno ikkje komet. Det er ei hugsjuk og vonlaus tid, me liver i.

Frosta vinstresamlag hadde møte 3die januar no. Vedtaki fraa Noregs vinstresamlags aarsmøte i Trondheim vart umhandlad. Vinstresamlaget her gav sitt fulle samtykke til vedtaki fraa Trondheimsmøtet. Um vedtaki 5 og 6, skatte- og tollspursmaalet og minking av æmbættesmennerne, vart samlaget samrøystes einig um aa segja:

 

Møtet meiner, at ein høveleg toll paa sume jordbruks- og fabrikvarer vil verta til gagn for dei næringsdrivande, og tollen paa varer, som me ikkje sjølv kann avla elder virka til, og som trengs til livsupphald, bør setjast ned. Den sak, som det no maa takast fatt paa for aalvor av storting og regjering, er ei sparsom styring av statspengarne. Møtet skal peika paa sume utgifter, som maa verta mindre, skal ikkje dei næringsdrivande reint søkkja ned i armodsdomen. Kongeløni bør setjast ned; dei lærde skularne leggjast ned; pensjonering av embtæsmenner bør slutta og sjølvpensjonering koma istaden; alle store løner avkortast, prestegardarne seljast, og prestarne setjast paa fast løn; dei fleste distriktslækjarembætte takast burt; skuledirektør- og futeembætti likeeins; ingen bør hava rett til større skjuss- og matpengar enn etter 3die og 4de klasse i skjusloven. Derimot bør staten gjeva meir pengar enn no til den aalmenne manns upplæring og upplysning og til framhjelp av næringsvegerne.”

 

Du sagde, Fedraheim, at maalsaki hadde havt framgang i det aaret, som gjekk; men det skulde du visst hava tagt med, for no skal du høyra. Formannen i Frosta vinstresamlag sende ei melding til ”Verdens Gang” og til ”Nordenfjeldsk Tidende” um dette møtet og dei vedtak, som møtet gjorde. Daa denne formannen er maalmann, skreiv han paa norsk. Kva gjorde so desse bladi? Jau ”Verdens Gang” gjorde seg ikkje so liten, at han tok det inn, og N. T. umsette det paa dansk. Dette gjorde dei vist, fordi dei var rædde den store framgang maalsaki hadde fenget. – ”Verdens Gang” er i det heile noko kaut paa det mot maalsaki. Me fær no sjaa, um han kann halda seg so kaut i lengdi.

 

N.

 

 


Frå Fedraheimen 10.02.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum